Tunnelen blir klar i løpet av året
Arbeidet på E39 Myrmel-Lunde er godt i rute, og det går mot opning av den nye vegstrekninga heilt på slutten av året.
- Me har jamn og god framdrift, og no er det utført rundt 100.000 arbeidstimar på E39 Myrmel-Lunde. Arbeidet er gjort utan uhell som har medført personskade, og det er me svært nøgde med, seier byggeleiar Jan Bjarne Thorsnes i Statens vegvesen.
Nyleg er påføring av pe-skum og sprutbetong gjennomført i heile tunnelen, og støyp av bankett og føringskant er utført. Samstundes er elektroarbeidet i gang inne i fjellet, og installasjon av lys, ventilasjon og sikkerheitssystem vil pågå fram til i haust.
- Me tek sikte på å opne tunnelen for trafikk i desember. Trafikken må også inn i tunnelen ein periode før alt er ferdig, slik at me får gjort klar tilkoplingane inn mot Myrmel frå begge endane, seier Thorsnes.
Klar til asfaltering
Snø og is held framleis eit godt tak rundt veganlegget, sjølv om våren no meldar sin ankomst. På slutten av 2022 kom frost og kulde litt for kjapt på anleggsarbeidet, slik at eit godt strekk i kvar ende av veganlegget akkurat ikkje rakk å få asfalten på.
- Me startar med asfaltering så snart telen slepp og asfaltverka er i drift igjen etter vinteren. Då vil trafikantane få køyre på ny veg i begge ender av anlegget, seier Thorsnes, og legg til at inni tunnelen er første asfaltlaget på plass, slik at det er reint og fint for anleggsfolka å jobbe der inne.
I snitt er det rundt 40 personar i arbeid på E39 Myrmel-Lunde, både frå hovudentreprenør Birkeland Entreprenørforretning og underentreprenørane. Ute er det stort sett arbeidsfellesskapet mellom Fosse Maskin og Hirth Himle som står for graving, muring og masseflytting.
Godt samarbeid
Langs vegen utanfor tunnelen skal det gjerast meir fjellsikring, det skal monterast fanggjerde, betongmurar og hjortegjerde. Ved avkøyringa til Lunde blir det også bygd eit større busstopp med snuplass. For nokre veker sidan var portalane i begge endar ferdig murte, og no pågår det muring mellom anna på sørsida av tunnelen.
- Arbeidet på anlegget har gått svært bra, og me har hatt eit godt og løysingsorientert samarbeid med Birkeland Entreprenørforretning og deira underentreprenørar, seier Thorsnes.
Det nye veganlegget vil få ein stor betydning for trafikksikkerheita på strekninga, og sjåførane vil kunne halde jamn fart med slake svingar. Tidlegare har det vore ein del trafikk med landbruksmaskinar på E39 her, og denne ferdselen vil kunne gå på gamlevegen og eit godt nettverk av landbruksvegar når ny veg opnar.