Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Forslag til reguleringsplan for E39 Oppedal ferjekai - Etablering av liggekai leggast ut på offentleg høyring og ettersyn i perioden 16.09-05.11.2023.

Statens vegvesen legg i samarbeid med Gulen kommune ut forslag til reguleringsplan for E39 Oppedal ferjekai til høyring og offentleg ettersyn i høve Plan- og bygningslova §12-10.

Reguleringsplanen vert handsama etter §3-7 i Plan- og bygningslova. Det betyr at Statens vegvesen utarbeider og legg reguleringsplanen ut til offentleg ettersyn, medan Gulen kommune slutthandsamar og vedtek planen.

Føremål

Føremålet med planen er å auka kapasitet og frekvens på ferjesambandet E39 Lavik - Oppedal. Planen mogleggjer innsetting av ei 4.rute på sambandet ved å etablere liggekai for nattankring ved eksisterande Oppedal ferjekai.

Planprosess og medverknad

I høyringsperioden vil Statens vegvesen vere tilgjengeleg for synfaringar med naboar og interessentar  i planområdet. Ynskje om synfaring kan meldast til planleggingsleiar Runa Aaland Eggum på e-post eller telefon 957 56 106.

Erverv av grunn

Bygging av prosjektet vil krevja erverv av grunn. Arbeid med grunnerverv startar normalt når reguleringsplan er vedteken. Det er vedteken reguleringsplan som gjev heimel for å gjennomføre grunnerverv.

Kartforteljing

Det er utarbeida ei kartforteljing i Arcgis av planforslaget. Kartforteljinga gjev deg eit overblikk over planforslaget der kartet i 3D er i fokus, saman med korte tekstar, bilder og figurar. Bruk mus eller piltastar og skroll nedover i forteljinga for informasjon. I kartscenene kan du zoome og sjå detaljar. Kartforteljinga finn du her:  E39 Oppedal ferjekai - Etablering av liggekai (arcgis.com)

Plandokument og merknadsfrist

Planen er tilgjengeleg på prosjektet si heimeside: https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/europaveg/e39oppedalferjekai/

og Gulen kommune si heimeside under «høyringar og kunngjeringar» https://gulen.kommune.no/innhald/politikk-og-hoyringar/hoyringar-og-kunngjeringar/

Merknader til planen sendast skriftleg innan 5.november 2023 til Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 LILLEHAMMER eller . Merk merknaden med «E39 Oppedal ferjekai. 22/101211»