E39 Reed–Sandane
E39 er smal og svingete på delar av strekinga mellom Reed og Sandane. Detaljregulering for utbetring av strekninga rundt Gullkista er straks klar.
Eksisterande E39 mellom Byrkjelo og Sandane har ein årsdøgntrafikk på 2308 køyretøy, og 16% er tungtrafikk. Vegbreidda varierer mellom omlag 5,8 og 7,9 meter. Strekninga mellom Reed og Gullkista har rimeleg grei kurvatur og standard, men held ikkje dagens standard for ein europaveg. Ved Gullkista har vegen dårleg kurvatur og standard. Ved dette partiet er bergveggen kloss i vegen på eine sida og på den andre sida går det rett ned i Breimsvatnet.
Statens vegvesen har no utarbeidd detaljregulering for Reed-Gullkista, ei strekning på rundt 3,7 km. Av dette er romlag 2,7 km gjentaking og utviding av eksisterande E39, omlag 620 meter er ny tunell gjennom Gullkista og omlag 380 meter er ny veg i dagen vest for Gullkista.
Vegen er planlagt etter H1 standard, som tilsvarar ei total vegbreidde på ni meter (2 x 3,5 meter køyrebane + 2 x 1 m skulder). Tunnelen er planlagt med tverrprofil T9,5. Portalane vil få eit større tverrprofil grunna tilpassing for siktsoner ved inn og utløp.
- Vei:
- E39
- Fase:
- Planfase
- Kommuner:
- Gloppen
- Fylker:
- Vestland
- Lengde:
- 3700 meter
- Finansiering:
- Stat
- Nasjonal transportplan:
- Ikke omtalt