Arbeidet går tilnærma i tråd med prosjektet sin framdriftsplan, med planlagt vegåpning først i 2033. Det pågår anleggsarbeid både på Randaberg, på Kvitsøy og på Bokn.

Tunnelarbeidet i huvudtunnelen er allereie godt i gang, med tilkomst frå tverrslag både på Randaberg og Bokn. På Randaberg er det planlagt gjennomslag ut våren 2024, og på Bokn er det planlagt gjennomslag ut hausten 2024. Gjennomslag mot Kvitsøyentreprisen vil skje først om fleire år. 

På Kvitsøy vil det skje ei endring sommaren 2024. Før sommarferien er entreprenør på staden ferdig med første entreprise, og etter sommarferien startar ein ny. Truleg blir det også noko aktivitet på anlegget i sommarferien, og denne aktiviteten er knytt til kabelanlegget.

Sist oppdatert: