E39 Kyststamvegen
E39 Rogfast er ein viktig brikke i utviklinga av Kyststamvegen mellom Kristiansand og Trondheim. E39 Kyststamvegen inngår i det overordna transportnettet i landet slik dette er definert i Nasjonal transportplan 2002-2011. Kyststamvegen er totalt rundt 1000 km. Det tilsvarer ein sjuandedel av det totale stamvegnettet i Norge.
Vegen er imidlertid lite utvikla og medverkar i hovudsak til å knyte saman naboregionar. I Nasjonal transportplan 2002-2011 er difor utviklinga av E39 Kyststamvegen framheva som eit strategisk grep for å skape ein sterk region på Vestlandet. Dette er seinare også vektlagt spesielt i Vestlandsrådet si handsaming av Nasjonal transportplan for 2006-2015 og i siste Nasjonal transportplan 2010-19 og i forslaget til Nasjonal transportplan 2014-2023.
Som følgje av den svakt utvikla standarden på kyststamvegen, vert unødvendig mykje trafikk ført austover og inn på eit pressa transportsystem rundt Oslo og vidare sørover. Utvikling av E39 Kyststamvegen kan medverke til å løyse ut transportgevinstar. Samtidig kan døgnopen stamveg med god framkomst og høgt tryggleiksnivå også medverke til å knyte tettare band mellom vestlandsfylka og saman med utviklinga av hamner og sjøtransport, gjere landsdelen mindre transportavhengig av Austlandsområdet.
Val av løysing for framtidig kryssing av Boknafjorden må sjåast i eit "Vestlandsperspektiv". E39 Kyststamvegen er eit overordna ledd i strategien for å utvikle ein effektiv nord-sør-trafikk mellom tyngdepunkta på Vestlandet (Stavanger–Bergen–Ålesund) og utvikle landsdelen sin kontakt med kontinentet.
Ferjefritt samband over Boknafjorden vil knyte Nord- og Midt-Rogaland betre saman enn kva som er tilfelle i dag og medverke til å utvikle felles bu- og arbeidsmarknad. Det vil også medverke til å redusere reisetida mellom Bergen og Stavanger med 45 minutt.