Finansiering
Ny finansieringsplan for E39 Rogfast.
Stortinget handsama og vedtok Prop. 54 S (2020-2021) – Auka finansieringsbehov og revidert framdriftsplan for E39 Rogfast i Rogaland og justering av vedtekne rammer for rv.13 Ryfast i Rogaland den 18. des. 2020.
I ny finansieringsplan for prosjektet la ein til grunn eit kostnadsoverslag på 20.600 mill.kr (2020-kr). Av dette skal trafikantane betale 60% (12.360 mill.kr), mens Staten bidreg med 40% (8.240 mill.kr).
Rogaland fylkeskommune har gitt ein fylkeskommunal garanti for bompengelåna på 16.000 mill.kr.
Det er lagt til grunn eit trafikknivå på ca. 6000 køyretøy pr. døgn i opningsåret 2031. Det er laga ein finansieringsanalyse for bompengeinnkrevinga som syner at med ei lånerente på 5,5% og ei gjennomsnittleg inntekt pr. passering på kr. 409, så vil bompengelånet verte nedbetalt innan 19 år.