Arbeidsfellesskapet Implenia/Stangeland (JVIS) i gang med å bygge det mest kompliserte tunnelprosjektet i landet, 250 meter under den vesle øya Kvitsøy.

Bilete vis Kvitsøy-ordførar Kjell André Nordbø som fekk æra av å trykke på utløysarknappen for den første salven i Rogfast sin største og mest kompliserte kontrakt. Bergsprenger Christian Solheim sto ved siden av og sørget for at prosedyrane og HMS ble ivaretatt.
11. november fekk Kvitsøy-ordførar Kjell André Nordbø æra av å trykke på utløysarknappen for den første salven i Rogfast sin største og mest kompliserte kontrakt. Bergsprenger Christian Solheim var med for å sørge for at prosedyrane og HMS ble ivaretatt. Foto: Øyvind Ellingsen, Statens vegvesen

Måndag 11. november trykte Kvitsøy-ordførar Kjell André Nordbø på utløysarknappen, og markerte med det starten på det mest kompliserte tunnelprosjektet i landet.

Kvitsøykontrakten på Rogfast er den største og mest kompliserte på den 27 kilometer lange undersjøiske vegtunnelen. 8,8 kilometer av toløps-hovudtunnelen skal byggast frå Kvitsøy.  Entreprenøren skal også bygge to store rundkøyringar med av- og påkøyringsramper til hovudløpa, samt at dei skal sprenge ut to ventilasjonssjakter på cirka 9 meter i diameter, 250 meter ned til hovudløpa frå øya Krågøy. Det er ein av to årsaker til at 550 innbyggjarar i landets minste kommune blir landfast. Den andre er byggetid – det å bygge ein 27 kilometer lang undersjøisk toløpstunnel går fortare når ein no kan bygge frå tre stadar.

Bilete vis ein hjullastar som skal ta ut massar etter første salve på den mest komplekse kontrakten i Rogfast-prosjektet.
Første salve er gått av mot den første rundkøyringa under Kvitsøy. Foto: Øyvind Ellingsen, Statens vegvesen

Store dimensjonar

Rogfast har svært store dimensjonar. På Kvitsøy-kontrakten skal det sprengast ut cirka 3,6 millionar kubikk stein som skal køyrast 3,5 kilometer på ferdig asfaltert veg opp av tunnelen. Steinmassane skal så fyllast i sjøen med lekter og fylling frå land til to fyllingar.

 Den eine fyllinga skal brukast til kryss med rundkøyring ved tunnelopninga, den største fyllinga blir nytt næringsareal. Dette vil auke arealet med cirka 100 mål i Norges minste kommune målt i areal. Entreprenøren Stangeland Maskin sine lastebilar skal opp og ned cirka 100.000 gongar for å få ut tunnelmassen dei neste fem åra.

Dronebilete av riggområdet på Kvitsøy
Tunnelinnslaget oppe til venstre og entreprenøren sin kontorrigg til høgre. Foto: Øyvind Ellingsen, Statens vegvesen

Utfordrande kontrakt

– Dette er ein utfordrande kontrakt med høg kompleksitet, med bygging av undersjøiske tunnelar med toplans kryss og djupe sjakter

Sveinung Brude, prosjektleiar

– Det er godt å kome i gang. Eg har jobba med denne kontrakten i mange år allereie, og eg har sett fram til denne dagen når det nå blir full anleggsdrift, seier prosjektleiar i Statens vegvesen Sveinung Brude. Han har 20 medarbeidarar med seg som framover skal pendle frå ulike stader i Norge og Sverige ut til Kvitsøy.

250 arbeidarar

Implenia/Stangeland vil på det meste ha 250 arbeidarar i sving, og det vil merkast for dei 550 fastbuande på øya. Det er sett opp fire store bustadriggar med 176 hyblar, og det er lagt til rette for endå ein rigg for 44 personar. I tillegg er det satt opp eigen kantine og kontorrigg med kontorkapasitet til 60 for entreprenøren og 20 til Vegvesenet.

Bilete vis eit dronefoto over bustadriggen med 200 hyblar på Kvitsøy
Entreprenøren JVIS har satt opp fem bustadriggar med 200 hyblar, og har moglegheit til å utvide med ein rigg til med 44 hyblar. Foto: Øyvind Ellingsen, Statens vegvesen

På Randaberg, utanfor Stavanger, har same entreprenør JVIS drive cirka 3000 meter av totalt 8000 meter mot Kvitsøy. Frå nordre startpunkt på Bokn har Skanska no passert 60 prosent av totalt 9000 meter tunnel mot Kvitsøy.

Aktuelt for fylke(r): Rogaland