Artikkelen er fra 2012, og innholdet kan være utdatert.

Fristen for å kome med innvendingar til kommunedelplan for E39 Smiene-Harestad er ute. Det er kome inn 17 merknader i Stavanger kommune og 15 i Randaberg.

Innvendingar
Det er kome motsegn eller innvendingar til Statens vegvesen sitt forslag til kommunedelplan for E39 Smiene-Harestad frå Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland. Av omsyn til landbruksinteressar ønskjer Rogaland fylkeskommune at ei utviding av vegen, inkludert ny gang- og sykkelveg, blir lagt på austsida av dagens europaveg.

Fylkesmannen har fremma motsegn til alternativ 3, sidan det alternativet ikkje sikrer at utvidinga skal skje på austsida av E39 i Randaberg, som var eit krav i planprogrammet.
– Vegvesenet får med det støtte i anbefalinga av alternativ 1 som ny trasé for E39 Smiene-Harestad, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Laila L. Christensen Dreyer.

I alternativ 1 er det krav om at utvidinga av E39 (inkl. gang- og sykkelvegen) blir på austsida i Randaberg. Forskjellen er at det blir lang kulvert på Tasta.

Høyringsuttalane i Stavanger
Breva som er kome om planen i Stavanger viser at folk er opptatt av
- støyskjerming for bustader og friområdet ned mot Store Stokkavatn
- lang kulvert ved Tasta skole
- tilpassing av vegen til terreng og kulturlandskap
- omsyn til verneverdig kulturmiljø og bygningar
- omsyn til barn og unge
- kvalitet på erstatningsareal
- forslag om å legge vegen djupare i terrenget forbi Tasta
- bru i staden for fylling mellom Tasta og Høye
- forbruk og oppdeling av dyrka mark
- tiltak for å betre tilgjengelegheit, arrondering, mv. til dyrka mark
- minska inngrep i Mississippi-parken
- ønskje om å fjerne den lokale vegen frå kulverten

Nokon ønskjer alternativ 3 med tunnel gjennom Høyehaugen i staden for alternativ 1. Fleire er skeptiske til forslaget om omlegging av Eskelandsveien, andre meiner Eskelandsveien bør leggast om, for å minska støy ytterlegare frå skoleområdet og for å unngå biltrafikk oppå kulverten ved Tasta skole. Folk er også opptatt av tilkomst til bustader og gardar.

Høyringsuttalane i Randaberg
Breva som er kome om planen i Randaberg viser at folk er opptatt av
- støyskjerming for bustader
- Harestad-krysset og omfang av arealbruk i eit potensielt utbyggingsområde
- støy- og støvplagar viss oppstillingsplassar for tungtransport blir tilrettelagt i kollektivknutepunktet
- at veglinje og kryss må justerast for å unngå riving av bustader
- å få kulvert forbi Torvmyrveien for å spara dyrka mark, gjenbruk av matjord i området og tiltak for å minska ulemper for landbruksdrift
- ønskje om å flytte Harestad-krysset sør for Torvmyrveien, nærmare Rygg

Felles for innbyggjarane i begge kommunar er at dei sjølvsagt er opptatt av korleis vegutbygginga kjem til å påverke deira eigedom. 
– Dei som kan ligge i faresonen for å få bustaden sin fjerna, blir kontakta direkte i forkant av offentlege prosessar. Dessverre vil det ikkje vere muleg å krevja innløysning av bustader på førehand, før reguleringsplanen er vedtatt, forklarar prosjektleiar i Statens vegvesen, Laila L. Christensen Dreyer.

Kva skjer framover?
– Vi skal nå behandla og kommentere merknadene, seier prosjektleiaren. Deretter skal vi gå gjennom dei saman med Stavanger og Randaberg kommune.
Christensen Dreyer fortel at kommunedelplanen deretter kan leggast ut til behandling i kommunane for endeleg vedtak, eventuelt til 2. gongs offentleg høyring. Det er det kommunane sjølv som avgjer.
– Vi håpar å få vedtatt kommunedelplanen innan første kvartal i 2013, seier ho.

Når politikarane har vedtatt kva for eit alternativ som er skal gjelde, kjem Statens vegvesen til å starte arbeidet med å laga ein reguleringsplan. Då blir det muleg å kome med merknader både ved oppstart av planarbeidet og når planen blir lagt ut på høyring.

Aktuelt for fylke(r): Rogaland