Reguleringsplan E39 Harestadkrysset
Kommunestyret i Randaberg vedtok reguleringsplanen 10. september 2015
Harestadkrysset i Randaberg er ein del av E39 Rogfast. Rogfast består av ein 26,7 kilometer lang undersjøisk tunnel mellom Harestad og Laupland i Bokn kommune. Vidare består Rogfast av ein tunnelarm til Kvitsøy, pluss kryss og veg i dagen i Kvitsøy, Bokn og Randaberg.
Målet med Harestadkrysset er å binde saman det lokale vegnettet på Harestad med E39. Planen er å bygge 1000 meter firefeltsveg med midtrekkverk gjennom krysset. Det er også lagt opp til eit omfattande gang- og sykkelvegsystem, busshaldeplassar for ekspressbussar og lokale bussar, samt kontrollstasjon, servicestasjon, teknisk område og beredskapslager.
- Planbestemmelser E39 Harestadkrysset, 10. september 2015.pdf
- Plankart E39 Harestadkrysset, 10. september 2015.pdf
- Planbeskrivelse E39 Harestadkrysset, 10. september 2015.pdf