Milepelar for arbeidet med reguleringsplanarbeidet E39 Ådland-Svegatjørn (Stord-Os).

  • Reguleringsplanen er planlagt sendt til Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) hausten 2024, for vedtak om offentleg ettersyn og høyring.
  • I etterkant av høyringa er det Kommunal- og distriktsdepartementet som skal vedta reguleringsplanen.

Prosjektet skal deretter gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KS2), før Stortinget kan gjere endeleg gjennomføringsvedtak, og kontraktar med entreprenørar som skal bygge anlegget kan signerast. Statens vegvesen reknar med ei byggetid på omlag sju år.

I gjeldande Nasjonal Transportplan (NTP 2025-2036) ligg prosjektet inne som eit utviklingsprosjekt.