Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

Statens Vegvesen er i gang med å førebu arbeidet med reguleringsplan for E39 Stord-Os. Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) er engasjert til å gjere jordsmonnkartlegging hausten/vinteren 2020 som ein del av plangrunnlaget.

Kommunedelplan for E39 Stord-Os vart vedteken av Regjeringa hausten 2019, og Statens vegvesen har fått i oppdrag å utarbeide reguleringsplan for vegstrekninga. Denne hausten vert det difor sett i verk jordsmonnkartlegging av jordbruksareala som grunnlag for reguleringsplanarbeidet.

I Vestland fylke er svært lite av jordsmonnkartlegging for uttalte jordsmonn kartlagt. NIBIO føretek difor jordsmonnkartlegging for uttalte jordbruksareal  i kommunane Stord, Tysnes og Bjørnafjorden i samband med planarbeidet.

Arbeidet inneber at nokre personar vil ferdast i området. Det vil takast omsyn til jordbruksdrifta.

Kartlegginga vil skje på jordbruksareal i følgjande område:

  • Stord kommune
    Ådland, Lunde, Førland, Grov og Agdestein.
  • Tysnes kommune
    Skor, Økland, Flatråker, Epland, Holma, Kyrhagen, Søreid, Beltestad, Tveit, Frøkjedal, Flygland, Gjøvåg og Kaldafoss.
  • Bjørnafjorden kommune
    Moberg og ved Ulvenvatnet i Os.

Ved spørsmål om kartleggingsarbeidet kan de kontakte:

Ellen Njøs Slinde, Planleggingsleiar
Mobil: 99 20 32 38
E-post: ellen.slinde@vegvesen.no

Meir informasjon om planarbeidet til E39 Stord - Os finn du i menyen til venstre

Aktuelt for fylke(r): Vestland