Eit skritt nærare reguleringsplan for E39 Stord – Os (Ådland – Svegatjørn)
Statens vegvesen har no motteke tilbod på konsulenttenester for å utarbeide detaljreguleringsplan for ny E39 Ådland -Svegatjørn.
Konsulentoppdraget vart lysa ut i november i fjor med tilbodsfrist 28. januar i år.
Tilbydarane er:
- Multiconsult
- Norconsult
- COWI
- Asplan Viak
- SWECO Norge
Reguleringsplan klar i 2022
Regulering av E39 Ådland-Svegatjørn er eit stort oppdrag med 55 km firefelts motorveg dimensjonert for 110 km/t inkludert to store fjordkryssingar. Vegprosjektet ligg i kommunane Stord, Tysnes og Bjørnafjorden. Forslag til reguleringsplan skal etter planen vere klar i mars 2022.
Kontrakten som er lyst ut inneheld óg fire opsjonar som kan løysast ut i kontraktsperioden.
Statens vegvesen startar no arbeidet med å evaluere tilboda, og har som mål å inngå kontrakt i månadsskiftet februar/mars 2021.
Kontaktperson:
Ellen Slinde, Planleggingsleiar
Mobil: 992 03 238
E-post: