Statens vegvesen har sendt forslag til reguleringsplan til Samferdselsdepartementet. Forslaget til ny veg vil redusere reisetida med ein time.

Statens vegvesen har utarbeida forslag til statleg reguleringsplan for E39 Ådland-Svegatjørn, også kjent som Stord-Os eller Hordfast. Reguleringsplanforslaget er truleg Statens vegvesen sin mest omfattande reguleringsplan nokon gang, med over 7.000 sider.

Strekningen E39 Ådland-Svegatjørn er i gjeldande Nasjonal transportplan omtalt i utviklingsporteføljen, som det ikkje er rom for å realisere innanfor NTP-perioden 2025-2036. Samstundes vart Statens vegvesen bedt om å ferdigstilla reguleringsplanen for prosjektet. Dette vil gje det beste grunnlaget for å vurdere prosjektet ved en seinare rullering av porteføljen når handlingsrommet tillet det.

Illustrasjon av ny E39 mellom Søreid og bru over Bjørnafjorden. Vegen vekslar mellom tunnelar, veg i dagen og bruer.
Illustrasjon av ny E39 mellom Søreid og bru over Bjørnafjorden. Vegen vekslar mellom tunnelar, veg i dagen og bruer. Illustrasjon: Statens vegvesen/COWI

 Oppe i venstre bildekant ser ein ny bru over Bjørnafjorden. Vegen vekslar vidare sørover mellom tunnelar, veg i dagen og bruer. Til høgre i bilde ser ein krysset på Søreid, som vert hovedkrysset for Tysnes, Våge og Uggdal. Etter krysset fortset E39 til høgre ut av bilde, retning sørover mot bru over Langenuen.  

55 km ny E39 - erstattar fleire ferjer

Forslaget til reguleringsplan gjeld ny 55 km ny veg. Vegen er planlagd som ein ferjefri, firefelts veg med fartsgrense på 100 km/t. Ny veg skal erstatta fleire ferjesamband, mellom anna Halhjem-Sandvikvåg. Planen inneheld det som kan bli den lengste brua i Noreg, og verdas lengste flytebru. 

Til saman vert det foreslått å byggje fem toplanskryss, fem store bruer, fem til sju tunnelar og 30-32 kilometer med veg i dagen.

Tolaupstunnellar:

  • Agdesteintunnelen 1,6 km lang
  • Skorsåtatunnelen 2,2 km lang
  • Holmatunnelen 1,6 km lang
  • Beitehaugtunnelen 470 m lang
  • Vardafjelltunnelen 1,6 km lang
  • Gjøvågtunnelen 1,8 km lang 
  • Ostunellen 7,7 km lang

Bruer over 300 meter:

  • Bru over Langenuen 1,7 km (Norges 3. lengste bru)
  • Bru over Søreid 350 m
  • Bru over Bårdsundet 400 m
  • Flytebru Bjørnafjorden 5,5 km (Norges lengste bru)
  • Bru over Ulvenvatnet

Brua over Bjørnafjorden blir på om lag 5,5 km og er planlagt som ein kombinasjon av sideforankra flytebru og skråkabelbru. Brua går frå Kaldafoss nord på Reksteren i Tysnes kommune til Gulholmane sør for Røtinga i Bjørnafjorden kommune der vegen fortset i ein 7,7 km lang tunnel. Brua vert Noregs lengste bru, og verdas lengste flytebru. Store skip passerer i sør, medan hurtigbåt passerer under nordre del av brua.

Binde Stavanger-Bergen saman 

- Ny veg vil vere eit viktig bidrag for å binde regionen Stavanger-Bergen tettare saman til ein bu- og arbeidsregion. Ny E39 mellom Stord og Os vil redusere reisetida med ein time. Reguleringsplanen bygger på kommunedelplan som var vedtatt i 2019, der korridor for ny E39 vart avklart, forklarar Kjartan Hove, prosjektdirektør i Statens vegvesen sin utbyggingsdivisjon.

E39 Stord-Os forslag til reguleringsplan.

Filmen viser forslag til reguleringsplan for ny E39 mellom Stord og Os. Forslaget til reguleringsplan gjeld ny 55 km ny veg. Vegen er planlagd som ein ferjefri, firefelts veg med fartsgrense på 100 km/t. Ny veg skal erstatta fleire ferjesamband, mellom anna Halhjem-Sandvikvåg. Planen inneheld det som kan bli den lengste brua i Noreg, og verdas lengste flytebru. Til saman vert det foreslått å byggje fem toplanskryss, fem store bruer, fem til sju tunnelar og 30-32 kilometer med veg i dagen. Sør på Tysnes har ein sett på ulike alternativ merka C2, C3, D1 og D2. Statens vegvesen tilrår alternativa C3 og D1. Traseen bygger på vedtatt kommunedelplan med konsekvensutgreiing frå 2019. Video: Statens vegvesen/COWI .

Har vurdert fleire vegstandardar

Som ein del av arbeidet har Statens vegvesen utarbeid ein rapport for å sjå på mogleg redusert vegstandard. Både fartsgrense 90 km/t, 100 km/t, smalare 4-feltsvegveg og 2/3-feltsveg er belyst for å få fram konsekvensar for mellom anna kostnader, nytte, naturinngrep, trafikksikkerheit og andre miljøtema.

- Statens vegvesen har utarbeidd reguleringsplanen i samsvar med konklusjonen i denne rapporten og lagt vegstandard H3 med fartsgrense 100 km/t til grunn, forklarar Hove. I vedtatt kommunedelplan var det forutsett vegstandard H3 og 110 km/t i samsvar med den vegstandarden som var gjeldande på det tidspunktet. Reguleringsplanen har eigen rapport med ei samla vurdering av konsekvensar for naturmangfald.

Bru over Langenuen er planlagt som ei hengjebru med hovudspenn på ca. 1.200 meter og ei samla lenge på ca. 1,7 km. Brutårna blir om lag 200 meter høge og vil stå sør for Jektevik i Stord kommune og på Grovaneset nord for Hodnanes i Tysnes. Illustrasjonen viser alternativ C3 nordover på Tysnes.
Bru over Langenuen er planlagt som ei hengjebru med hovudspenn på ca. 1.200 meter og ei samla lenge på ca. 1,7 km. Brutårna blir om lag 200 meter høge og vil stå sør for Jektevik i Stord kommune og på Grovaneset nord for Hodnanes i Tysnes. Illustrasjonen viser alternativ C3 nordover på Tysnes. Illustrasjon: Statens vegvesen/COWI

Bru over Langenuen er planlagt som ei hengjebru med hovudspenn på ca 1,2 km og ei samla lenge på ca. 1,7 km. Brutårna blir om lag 200 meter høge og vil stå sør for Jektevik i Stord kommune og på Grovaneset nord for Hodnanes i Tysnes. Brua blir Noregs tredje lengste bru, og liknar på Hardangerbrua. Illustrasjonen viser alternativ C3 nordover på Tysnes.

Nytt styringsmål

Vegdirektoratet har godkjent nytt styringsmål for prosjektet på 53 720 millionar kroner (2023-kroner). Opprinneleg styringsmål omrekna til 2023-kroner var 46 294 mill. Det er fleire årsaker til kostnadsauken. Mellom anna planskilt kryss ved Kolskogen mangla i KDP-anslag, underestimerte kostnader for grunnerverv og støytiltak, endra krav på vegbreidde frå 20 til 21,5 meter, einingsprisane er gått vesentleg opp samanlikna med førre planfase og at reguleringsplanen synleggjer nødvendige løysningar på eit detaljnivå for å gjennomføre prosjektet, noko som gjer at omfanget av kryssløysingar, sekundærveger med meir har auka. 

Har tatt kostnadsgrep

Det er gjennomført ei rekke kostnadsreduserande tiltak i arbeidet med reguleringsplanforslaget. Blant anna er omfanget av spesielt tunnelar, men også bruer i linja redusert.

Desse er erstatta med veg i dagen som har lågare løpemeterpris. Ut frå kost-/nyttevurdering og fordi det gav reduksjon i arealbeslag, godkjende Vegdirektøren å omarbeide reguleringsplanen til firefelts motorveg med fartsgrense 100 km/t.

- Dei kostnadsreduserande tiltaka som er gjennomførte har ei samla innsparing på 1,5 mrd. kr. Utan desse tiltaka ville anslått kostnad på prosjektet auka enda meir frå førre plan, forklarar Kjartan Hove.  

For å få ut nytteverdien av prosjektet må heile strekninga frå Svegatjørn til Agdesteinkrysset byggast samla. Den høge nytteverdien av prosjektet er blant anna eit resultat av at fleire ferjestrekningar bli lagt ned og reisetida blir vesentleg redusert frå rundt 90 til rundt 30 minuttar.

Det viktigaste kysset for Tysnes vil ligge på Søreid. Her vil det bli bygd ny fylkesveg med separat gang/og sykkelveg ned til dagens veg som gir god tilkopling mot eksisterande veg nordover mot Uggdal/Våge og sørover mot Flatråker/Hodnanes. Ved krysset er det regulert kollektivanlegg, parkeringsplassar og plass til andre framtidige tiltak. Illustrasjonen viser alternativ D1 ved Søreid.
Det viktigaste kysset for Tysnes vil ligge på Søreid. Her vil det bli bygd ny fylkesveg med separat gang/og sykkelveg ned til dagens veg som gir god tilkopling mot eksisterande veg nordover mot Uggdal/Våge og sørover mot Flatråker/Hodnanes. Ved krysset er det regulert kollektivanlegg, parkeringsplassar og plass til andre framtidige tiltak. Illustrasjonen viser alternativ D1 ved Søreid. Illustrasjon: Statens vegvesen/COWI

Det mest sentrale kysset for Tysnes vil ligge på Søreid. Her vil det bli bygd ny fylkesveg med separat gang/og sykkelveg ned til dagens veg som gir god tilkopling mot eksisterande veg nordover mot Uggdal/Våge og sørover mot Flatråker/Hodnanes. Ved krysset er det regulert kollektivanlegg, parkeringsplassar og plass til andre framtidige tiltak. Illustrasjonen viser alternativ D1 med ein 1,6 km lang tunnel frå Søreid og sørover retning bru over Langenuen.

Tilrår å sende planen på høyring 

-Vi tilrår Samferdselsdepartementet å sende reguleringsplanforslaget til Kommunal- og distriktsdepartementet for vedtak om høyring og offentleg ettersyn. I så fall  legg vi deretter opp til å halde folkemøte og opne kontordagar i dei tre kommunane i samband med høyringa, fortel Kjartan Hove i Statens vegvesen.

E39 Ådland-Svegatjørn. Illustrasjon av ny E39 sør på Tysnes. Ser sørover mot Langenuen bru. Bebyggelsen på Flatråker og Økland ligg langs eksisterande fylkesveg.
E39 Ådland-Svegatjørn. Illustrasjon av ny E39 sør på Tysnes. Ser sørover mot Langenuen bru. Bebyggelsen på Flatråker og Økland ligg langs eksisterande fylkesveg. Illustrasjon: Statens vegvesen/COWI

  Illustrasjon av ny E39 sør på Tysnes. Nedst i bildet kjem vegen nordfrå ut av den 1,6 km lange tunnelen frå Søreid. Vi ser sørover mot Langenuen bru. Husa på Flatråker og Økland ligg langs eksisterande fylkesveg. Det er jobba mykje med vegen for å unngå vatn, myr og viktige naturverdiar i området.  

Relevante dokument til reguleringsplanen kan ein finne her. 

Oversiktskart over 55 km ny E39 mellom Stord og Os. Det er planlagt fem kryss, fire større bruer og 5-7 tunnelar. Sør på Tysnes har ein sett på ulike alternativ merka C2, C3, D1 og D2. Statens vegvesen tilrår alternativa C3 og D1. Traseen bygger på vedtatt kommunedelplan med konsekvensutgreiing frå 2019. Illustrasjon: Statens vegvesen.