Høyring av planprogram for E39 Stord-Os (Hordfast)
Statens vegvesen har utarbeida forslag til planprogram for reguleringsarbeidet. Forslaget er på høyring fram til 30. oktober.
Statens vegvesen viser til varslingsbrev frå september 2020, om planoppstart for statleg reguleringsplan for E39 Stord – Os i kommunane Stord, Tysnes og Bjørnafjorden.
– Planprogrammet gjer greie for dei problemstillingar reguleringsplanen skal omfatte. Den omtaler mellom anna at det vil bli gjennomført ei konsekvensutgreiing (KU) for ein del av strekninga der føremålet er å sikre at viktige miljø- og landskapsomsyn blir vurderte, seier Sverre Ottesen, prosjektleiar for E39 Stord-Os (Hordfast).
I planprogrammet er det også med ei oversikt over kva tema som skal vere med i planomtalen til reguleringsplanen for E39 Stord – Os. Framdrift og medverknad i planprosessen er omtala.
Sjå omtale og plandokument her
Informasjonsmøte 20. september
I samband med høyringa blir det arrangert eit digitalt informasjonsmøte på Teams Live Event. Under møtet blir det høve til å stille spørsmål skriftleg i «chat».
Dato: 20.09.21
Tid: 19.00 - 20.30
Lenke til møtet finn du her