Inviterer bransjen til dialog
Statens vegvesen inviterer bransjen til informasjonsmøte 24. september for å hente innspel til strategiar for kontrakt og anskaffingar for E39 Stord-Os.
Med eit styringsmål på heile 38,5 milliardar kronar (2021) er prosjektet Noregs største planlagde prosjekt innan samferdsel. Sjølv om endeleg vedtak om bygging er forventa fyst i 2024, startar Vegvesenet no dialog med bransjen for å legge eit godt grunnlag for framtidig samarbeid.
– Nå skal arbeidet med strategi for kontrakt og anskaffingar utarbeidast. Dette er eit arbeid vi vil gjera i eit tett samarbeid med bransjen. Vi startar med eit felles informasjonsmøte og deretter blir det mogleg å avtale ein-til-ein møter med prosjektet, fortel Sverre Ottesen, prosjektleiar for E39 Stord-os (Hordfast).
Opne for alle typar innspel
Prosjektet ynskjer å få svar på både kor store- og kva for type kontraktar bransjen ynskjer.
– Vi håper bransjen brukar denne moglegheita til å påverke. Vi er opne for innspel, og nå har bransjen moglegheit i ein tidleg fase, seier Ottesen.
Møtet blir halden på norsk, og blir gjennomført digitalt. Invitasjon til møte er sendt på Doffin/Ted. Invitasjon og lenke til påmelding i lenka under.
Invitasjon - Markedsmøte E39 Stord-Os.pdf
I rute
Prosjektet er i rute, og er i gang med reguleringsplan. Planprogrammet vert lagt ut på høyring neste veke, og prosjektet arbeider mot å ha klart eit første forslag til reguleringsplan før sommaren 2022.
E39 Stord – Os, Ådland – Svegatjørn blir en 55 kilometer lang vegstrekning med fleire bru- og tunnelkonstruksjonar. Dei to store bruene blir den 5,5 kilometer lange Bjørnafjorden-brua og den 1,7 kilometer lange Langenuen-brua.