Mange gode spørsmål i ope møte om kryssutforming på Kolskogen
Meir enn 40 personar deltok i det opne møtet som Statens vegvesen (E39 Stord-Os) arrangerte med næringsliv og grunneigar onsdag 22. september.
– Dette vart eit godt møte med aktive tilhøyrarar og ein god dialog. Vi fekk mange nyttige spørsmål og vi er glade for at folk set seg godt inn i planane, engasjerer seg og kjem med gode innspel på dei løysingane vi skisserer, fortel Ottesen.
Møtet vart arrangert saman med Bjørnafjorden kommune i Oseana kulturhus.
Deltakarane på møtet fekk ein overordna presentasjon av prosjektet ved prosjektleiar Sverre Ottesen. Vidare blei planprosessen og vegløysingar grundig gjennomgått av planleggingsleiar Helen Gjærde og fagansvarleg veg Gjermund Heimli.
Planleggingsleiar Ellen Slinde avslutta med å fortelja at Statens vegvesen i samarbeid med konsulenten vil jobba vidare med kryssløysingane.
– Det vil etter kvart koma på plass betre illustrasjonar og vi ser fram til å vise fram desse, fortel Slinde.
Eksempel på spørsmål og svar frå møtet:
- Når får vi vite kva som er aktuelle støytiltak i området?
Svar: Det vil bli utarbeidd støysonekart og lagt inn støyskjermar i forslaget til reguleringsplan som kjem på høyring neste sommar. - Vert barnehagane innløyste?
Svar: Ja, dei to barnehagane nærast E39 reknar vi med må løysast inn. Barnehagen i Industriveien kan mest truleg stå, og vi ser på kva som kan vera aktuelle støytiltak. Det er sett strenge krav til støytiltak ved barnehagar i retningslinje T1442 og den har vi tenkt å følja. - Kva med blålysetatane?
Svar: Her skal vi sjå på løysingar og vi vil kalle inn til eit eige møte med blålysetatane og andre der risiko- og sårbarheit er tema. - Korleis blir tilkomsten til eigedomane?
Svar: Tilkomstar er ikkje vist i skissa enno men det skal koma på plass etter kvart.