Oppstart av arkeologiske registreringar i planområdet for E39 Stord-Os (Hordfast)
Arkeologiske registreringar i planområdet startar no i vår.
I perioden 21. mars til 31. oktober vil det bli gjennomført arkeologiske registreringar i planområdet til E39 Stord-Os (Hordfast)
– Grunneigarane vil få eit eige brev om dette arbeidet der det blir bedt om eit samtykke til å gjennomføre arbeidet på eigedomen, seier planleggingsleiar Ellen Slinde
Det er Vestland fylkeskommune som vil utføre det arkeologiske arbeidet, medan Statens vegvesen er tiltakshavar.
– Formålet er å undersøke om planlagde tiltak kan råke ukjende automatisk freda kulturminne som til dømes førhistoriske busetnadsspor, seier Slinde.
Det er naudsynt for Statens vegvesen å gjennomføre registreringar for å oppfylle undersøkingsplikta etter §9 i kulturminnelova.
Forventar funn i området frå stein- og jernalder
Fagansvarleg arkeologi i Statens vegvesen Atle Jenssen er spent og ser fram til at arbeidet skal starte opp.
– Ein kjenner til førhistorisk kulturminne i heile planområdet, men det er gjennomført få arkeologiske undersøkingar på Tysnes, noko som gjer det særskilt spanande å sjå kva som vil dukke opp, fortel Jenssen.
Ein kan truleg forvente funn frå heile forhistoria, frå steinalder fram til jernalder, som alle er automatisk freda.
– Det ein gjerne finn i samband med slike registreringar, er buplassar med forskjellige reiskapar frå steinalder, og busetnadsspor frå bronse- og jernalder, fortel Jenssen.
I tillegg finn ein gjerne og førhistoriske graver.
Arbeidet startar i mars og arkeologane vil då først gjere seg kjent i området. Arbeidet vil for dei fleste eigedomar bestå av overflatesøk og/eller prøvestikking med spade. For nokre eigedomar er det lagt opp til graving av søkesjakter med gravemaskin
Har du spørsmål arbeidet kontakt:
Atle Jenssen, fagansvarleg arkeologi Statens vegvesen.
481 51 267 | atle.jenssen@vegvesen.no