Planprogrammet til E39 Stord-Os (Hordfast) er oppdatert etter høyringa
– Vi fekk inn mange nyttige innspel og spørsmål og har gjort endringar i planprogrammet basert på desse, fortel planleggingsleiar Ellen Slinde.
Statens vegvesen fekk 47 brev i samband med høyringa av planprogrammet for statleg reguleringsplan for E39 Stord–Os (Ådland-Svegatjørn), som var på offentleg ettersyn og høyring i perioden 15. september til 30. november 2021.
Dei viktigaste endringane i planprogrammet er at det vil bli utarbeidd konsekvensutgreiing for massedeponi og at samanstillingsområde i Søreidsvika, i Tysnes kommune vil bli teke inn i og konsekvensutgreidd saman med området Hodnanes – Beltestad.
Det blir utarbeidd konsekvensutgreiing for massedeponi
Det er venta å bli eit samla masseoverskot i prosjektet, og Statens vegvesen ynskjer å få tydeleg fram i planen kvar det skal vera massedeponi og kva verknader deponia eventuelt kan gi for landskapsverdiar, for natur-, kultur- og friluftslivsinteresser og for naturressursar. Dei massedeponia som har storleik eller volum over grenseverdiane i vedlegg II punkt 11k i Forskrift om konsekvensutgreiing, skal konsekvensutgreiast.
Samanstillingsområde i Søreidsvika blir konsekvensutgreidd
I tillegg til utgreiing av strekninga Hordanes-Beltestad på Tysnes, skal også verknadene for samanstillingsområdet for bru over Bjørnafjorden i Søreidsvika konsekvensutgreiast.
Detaljert plan for medverknad i planarbeidet
Det er lagt opp til møte, informasjon og samarbeid ved alle milepelar som føl av plan- og bygningslova. I tillegg er det lagt opp til jamlege møter med dei tre kommunane, møte i planforum for å involvere dei offentlege etatane, og i tillegg halde møte med organisasjonar, bygdelag og enkeltpersonar som har bede om det. Det er laga ein detaljert plan for medverknad for statleg reguleringsplan E39 Stord – Os som har med også dei aktivitetane som kjem i tillegg til lovkrava, sjå vedlegg.
Statens vegvesen vil belyse om veg med fartsgrense 90 km/t vil gi mindre inngrep i verdifull natur
I høyringsinnspelet frå Statsforvaltaren ber dei blant anna om at Vegvesenet utgreier redusert fart på strekninga mellom Søreid og Gjøvåg.
– Vi vil i arbeidet med reguleringsplanen belyse om veg med fartsgrense 90 km/t vil gi mindre inngrep i verdifull natur på strekninga det gjeld. Vegar som skal tole høg fart som 90 km/t eller 110 km/t føreset det vi kallar ein «stiv linjeføring» av vegen, lik den som vi planlegg. Det er begrensa moglegheiter med denne vegtypen, men vi legg mykje arbeid i å tilpasse, seier Slinde.
Alle innspel blir vurdert
– Alle forhold som er spelt inn blir vurdert av Statens vegvesen i planperioden, også dei som ikkje gjeld sjølve planprogrammet men som er spørsmål og informasjon til innhaldet i reguleringsplanen, fortel Slinde.
Når forslaget til reguleringsplan er klart vil ein sjå om og korleis innspela har påverka løysingane.