Stortingsprop. for E39 Stord - Os (Hordfast) i dag
Regjeringa legg i dag frem ein proposisjon for Stortinget om å forankre val av trase for prosjektet.
Det er den pågåande politiske diskusjonen om alternative traseval som stadig kjem opp, som er utgangspunktet for vedtaket som regjeringa no ynskjer. Dei ynskjer å sikre retning og unngå forsinkingar.
I ein pressemelding frå Samferdselsdepartementet i dag seier Samferdsleminister Knut Arild Hareide følgande:
«E39 mellom Stord og Os, Hordfast, blir det største vegprosjektet i Noreg si historie. Det er svært viktig at det vidare arbeidet med prosjektet er føreseieleg. Difor understrekar regjeringa overfor Stortinget at valet av trasé ligg fast. Dei stadige diskusjonane om traséval er hemmande for framdrifta i prosjektet».
I rute
– For prosjektet er det sjølvsagt kjekt å få forankra midtre trase som den traseen vi skal jobbe vidare med, og som vart vedteken av regjeringa så langt tilbake som i desember 2013. Vi får berre vente på utfallet av Stortinget si behandling, seier Sverre Ottesen som er prosjektleiar.
Prosjektet er i rute, og er i gang med reguleringsplan. Planprogrammet vert lagt ut på høyring om kort tid, og prosjektet arbeider mot å ha klart eit første forslag til reguleringsplan før sommaren 2022.