Artikkelen er fra 2014, og innholdet kan være utdatert.

I byrjinga av desember blir det tre folkemøte på like mange dagar i Sunnhordland og Midthordland. Temaet er E39 mellom Stord og Os og nye fylkesvegsamband knytt opp til E39.

Det er Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen som inviterer til møta. Tysnes er først ute, deretter kjem Stord og Os dei påfølgande dagane.

Slik ser planen ut:

  • Tysnes:           måndag 1.desember kl. 18.00 i Grendatun, Uggdal
  • Stord:              tysdag 2.desember kl. 17.30 i Stord Kulturhus, Leirvik
  • Os:                  onsdag 3.desember kl. 19.00 i Oseana, Os


Regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen og fylkesordførar i Hordaland, Tom-Christer Nilsen, innleier møtet.

- Det blir orientert om Vegvesenet sitt planarbeid med E39 og Hordaland fylkeskommune sin mogelegheitsstudie for nye veg- og ferjesamband på fylkesvegnettet. Og det blir sett av god tid til spørsmål og dialog, seier prosjektleiar Signe Eikenes, som ønskjer alle vel møtt til møta.  

Aktuelt for fylke(r): Vestland