Vegvesenet har behov for å utvide planområdet i Bjørnafjorden for å få plass til å bygge ein anleggsveg sør for Ulvenvatnet. Vi ber no om innspel.

Statens vegvesen jobbar med å utarbeide statleg detaljreguleringsplan for E39 Stord – Os i kommunane Stord, Tysnes og Bjørnafjorden. I det pågåande planarbeidet har ein sett at det er naudsynt å få plass til å bygge ein anleggsveg.

Grunngjeving for utviding av planområdet

Utviding av planområdet er ynskjeleg for å få plass til ein anleggsveg sør for Ulvenvatnet, mellom nordenden av den planlagde «Ostunnelen» og eit eksisterande knuseverk i Ådnadalen ved Ulven.

Prosjektet ynskjer å bruke tunnelmassane på ein samfunnsnyttig måte. Deler av massane frå Ostunnelen vil bli brukt til vegbygging i Kolskogenområdet. For deler av tunnelmassane er eventuell massebearbeiding og masselagring ved Ådnadalen eit alternativ Statens vegvesen ynskjer å vurdere i samband med planarbeidet.

Kartet viser kor Statens vegvesen ynskjer å utvida planområdet i Bjørnafjorden kommune.
Statens vegvesen ynskjer å utvida planområdet i dette området. Illustrasjon: Statens vegvesen

 

Anleggsvegen kan gi desse fordelane:

  • Med anleggsvegen unngår ein stor massetransport på lokalt vegnett.
  • Ein reduserer omfang av transport på offentleg vegnett som ville gitt trafikale utfordringar og unødig støy/støv fordi eksisterande vegar ligg tett på bustader, skular, idrettsanlegg og friluftsområde.
  • Anleggsvegen vil gi effektiv vegbygging med kort køyreveg frå nordre tunnelportal for «Ostunnelen» til område for massebearbeiding/masselager.
  • Eventuell bruk av eksisterande knuseverk i Ådnadalen gjer det mogleg med framtidig samfunnsnyttig bruk av steinmassane.
  • Ein brukar eit allereie eksisterande masselager og unngår på den måten nye inngrep i naturen.

Statens vegvesen har hatt kontakt med Statskog og Forsvarsbygg for å få litt førebelse innspel til planarbeidet. Registreringar av naturmangfaldsverdiar vart utført hausten 2023.

Frist for eventuelle innspel
Dersom du har synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar til oss om det utvida varslingsområdet ber vi om at du sender det til oss innan 23. august 2024. Send det til oss skriftleg anten med vanleg post til:

Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer

eller med e-post til . Merk brevet eller e-posten med «E39 Stord – Os».

Bakgrunn, planprosess og mål for planarbeidet

Oppstart av planarbeid for statleg reguleringsplan vart varsla hausten 2020. Planprogrammet for reguleringsplanarbeidet vart vedtatt av Kommunal- og Distriktsdepartementet (KDD) i september 2023 og er basis for planarbeidet. Prosessen for ein statleg plan er tilsvarande som for kommunedelplan/reguleringsplan, men Kommunal- og Distriktsdepartementet (KDD) er planmynde og tek endeleg avgjerd. Kommunane er høyringsinstansar.

Målet for prosjektet er å ha eit forslag til reguleringsplan klart for oversending til Samferdselsdepartementet, samt KDD i 2024. KDD avgjer om planen kan leggast på høyring.

Området som Statens vegvesen ynskjer og regulere.
Området som Statens vegvesen ynskjer og regulere. Foto: Statens vegvesen

Aktuelt regelverk

Dette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Planen blir utarbeidd etter §§ 12-3 og 3-7.

Ta gjerne kontakt

Har du spørsmål om planarbeidet kan du kontakte Ellen Njøs Slinde, tlf. 99203238 eller Anniken Iden Bargård, tlf. 45245919 eller sende e-post til

 

Aktuelt for fylke(r): Bjørnafjorden