E39 Svegatjørn-Rådal lyst ut
Statens vegvesen har no sendt til Doffin-basen oppdraga med dei to store hovudkontraktane for bygging av E39 Svegatjørn–Rådal mellom Bergen og Os.
Dermed får entreprenørane betre tid på å rekna på dei to store oppdraga enn ved utlysing midt i januar, som varsla for ein månad sidan.
Ulike fristar
– Vi har jobba hardt for å få klart konkurransegrunnlaget på dei to entreprisane, etter at Stortinget gjorde sitt gjennomføringsvedtak 18.november. Vi er godt nøgde med at vi no kan leggje desse to oppdraga ut i Doffin-basen før jul, seier prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen.
Dei to kontraktane er K10 Svegatjørn-Fanavegen og K11 Rådal-Nordås-Flyplassvegen. Fristen for levering av tilbod til Rådals-delen er 21.april, medan entreprenørane får to veker ekstra før dei må levere tilboda på den sørlegaste delen av strekninga, mellom Svegatjørn i Os og Fanavegen i Bergen. Her blir fristen 5.mai. Dermed er prisane for K11 kjent før entreprenørane eventuelt legg siste hand på tilboda på K10.
Byggjestart til hausten
– Målet vidare er at kontraktar for dei to entreprisane skal vere klare for signering i månadsskiftet juni/juli, med start på anleggsarbeidet på K11 i september og K10 i oktober 2015, opplyser prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen.