E39-tunnel i gang i Os
Driving av første tunnel i den nye E39-lina mellom Os og Bergen er no i gang. Skogafjellstunnelen i Os er under bygging.
Anleggstunnelen i eit tverrslag frå Hamrevegen i Fana har vore under sprenging ei god stund alt. Denne gir tilkomst til seinare driving av Lyshorntunnelen på nye E39 i retning nordover mot Rådal i Bergen og sørover mot Endalausmarka i Os.
Trafikken på E39 ved Svegatjørn måtte vente i 4–5 minutt då første sprenging kom kl. 15.52 tirsdag 23. februar. Korte stogg i trafikken vil kunne påreknast enno ei tid – inntil tunnelmannskapa kjem lengre inn i Skogafjellet.
-
Bilde 1 av 5: Første salve er gått, og maskinene kan ta til med rydding av tildekning og sprengstein. (Foto: Geir Brekke) Foto: Geir Brekke -
Bilde 2 av 5: Statens vegvesen og entreprenøren sine mannskap diskuterer resultatet. (Foto: Geir Brekke) Foto: Geir Brekke -
Bilde 3 av 5: Framme ved dekningsmattene for å få ein første sjekk på salven. (Foto: Geir Brekke) Foto: Geir Brekke -
Bilde 4 av 5: Byggherre og Veidekke var nøgde med første salven. (Foto: Geir Brekke) Foto: Geir Brekke -
Bilde 5 av 5: To av kontrollingeniørane på tunnel for E39 Svegatjørn-Rådal i Statens vegvesen, David Vagstad og Marie Djupevåg Eri. (Foto: Geir Brekke) Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke(r):
Vestland