Fleire oppdrag på Bergen–Os
Statens vegvesen har tildelt fleire nye kontrakter på prosjektet E39 Svegatjørn–Rådal, mellom anna elektroprosjektering.
Multiconsult har fått oppgåva med prosjektering av elektroinstallasjonar, samt anlegg for styring, regulering og overvaking på motorvegprosjektet mellom Bergen og Os.
Mest i tunnel
Oppdraget er detaljplanlegging av alle elektroinstallasjonar på vegprosjektet, som for det meste gjeld utrusting i tunnelar. Konsulentselskapet skal lage grunnlaget for konkurransen om sjølve installasjonsarbeidet. Fristen for dette er høsten 2016. Men Multiconsult får også oppgaver samtidig med elektromontasjen, fram til denne jobben er utført i 2022. Kontraktsverdien for prosjektering av elektro er 24,8 mill. kr. Det var tre selskap som ga tilbod på entreprisen.
Sjekkar bygningar
Multiconsult har også fått kontrakt på førehandsregistrering av bygningsmassen som ligg over tunnelstrekninga, i området som ligg 50 meter ut frå vegen i båe retningar. Det var sju selskap som ga tilbod. Kontraktsverdien er 4,4 mill. kr. Oppdraget er å få fram ei objektiv vurdering av bygningane før anleggsarbeidet og tunnelsprenging tek til. I ettertid skal konsulenten ta etterundersøking på dei same bygningane – om huseigar ønskjer dette, for å kartlegge eventuelle skader på hus under byggeperioden.
Støytiltak i gang
Arbeidet med støytiltak på bustader som ligg tett inn til nyevegen, er i full gang. Førebels er det to entreprisar som pågår. Den eine gjeld nokre hus i Svegane i Os, samt på Nordås og Sørås i Bergen. Den andre gjeld bustadhus i Rådal i Bergen. Arbeidet blir utført av TH Bygg på båe kontraktene. Prisen er kring 4 mill. kr. på den første og kring 12 mill. kr. på den andre kontrakten.
Boredata
Statens vegvesen har no lyst ut kontrakt på levering av programvare for presentasjon av boredtata frå tunnelboreriggar, i samband med tunneldrivinga på prosjektet. Dette gjeld fire doble vegtunnelar, to overvasstunnelar og eitt tverrslag. Arbeidet gjeld ma. bearbeiding av data frå tunnelboreriggar på prosjektet.
I tillegg til data-leveransar er det tale om feltundersøkingar og laboratorietenester kring fjellkvalitet og opplæring gjennom byggeperioden.
Siktemålet er å gi god informasjon om kvaliteten i fjellet som ligg framfor maskinene til ei kvar tid. Dette gir grunnlag for å avgjere omfanget av fjellsikring og injeksjon av sement i fjellet.
Arbeidet vil pågå 3,5 år, med opsjon for eitt år til. Frist for levering av tilbod er 2. oktober 2015.
Landmåling
Statens vegvesen har for tida også ute konkurranse på såkalla geomatiske tenester for E39 Svegatjørn–Rådal. Dette gjeld stikning og landmåling, utrekning av mengder og utarbeiding av såkalla målebrev på vegprosjektet. Tenesta vil pågå ut 2020, med opsjon for ei forlenging på eitt eller to år. Tilbodsfristen her er 28. august 2015.