Frå fire til to felt på delar av Flyplassvegen
Frå tysdag 7. mai blir det nye innsnevringar på riksveg 580 Flyplassvegen mellom Rådal og Sandsli i båe retningar.
Det blir på strekninga på nærare ein kilometer mellom Siljustøl og anleggsområdet ved tunneportalen til E39 Svegatjørn–Rådal (ved Skeievatn og Fana golfklubb) at dagens køyremønster blir innsnevra til eitt felt i kvar retning.
Utvida anleggsområde
Årsaka til omlegginga er at dei to ytterfelta vil inngå i vidare anleggsarbeid for prosjektet. Det blir dei to felta ut mot sidearealet på strekninga som blir stengde for trafikk. Dei to indre felta - mot midten av dagens veg - skal avvikle trafikken vidare gjennom anleggsperioden – i båe retningar.
Opplegget blir likt det som ei tid har fungert på rv. 580 Fritz C. Riebersveg, der det er eitt felt i kvar retning forbi anleggsområdet mellom Sørås og Skjoldnes-lokket.
Arbeid to netter
Omlegginga blir tilrettelagt gjennom arbeid natt til mandag og natt til tysdag. Då vil det vere trafikkregulering i det feltet der arbeidet pågår gjennom natta, med inntil 10 minutts ventetid. Dette arbeidet vil pågå mellom 22.00 og 06.00 båe nettene.