Gjennomslag med by-smell
For første gang overførte Statens vegvesen smellen frå eit tunnelgjennomslag på E39 til ein transportkonferanse i Bergen.
Bergen Næringsråd hadde onsdag 12. september ein større transport-konferanse, der vegdirektør Terje Moe Gustavsen og regionvegsjef Helge Eidsnes var mellom deltakarane.
Midt i tunnelen
Vegdirektøren hadde telefonkontakt med assisterande prosjektleiar Arne Eltvik i Statens vegvesen. Han var på plass om lag midt inne i tunnelen – i lag med prosjektkolleger på E39 Svegatjørn–Rådal og folk frå Veidekke – for å markere siste gjennomslag på søre delen av Lyshorntunnelen. Tunnelen går mellom tverrslaget på Hamre og Endalausdalen i Os kommune.
Her utløyste skytebas Jan Roar Lien frå Veidekke sjølve salven, på klarsignal frå vegdirektøren.
Konferanse-trøkk
Via telefonen blei sjølve gjennomslag-smellen overført til høgtalaranlegget i Terminus Hall. Slik fekk konferanse-deltakarane kjenne drønnet og trøkket frå fjellsprenginga. Gjennomslaget fekk applaus, både i tunnelen og i konferanse-salen.
Siste smell til våren
Det endelege gjennomslaget i den 9,2 km lange Lyshorntunnelen på E39 Svegatjørn–Rådal vil kome våren 2019. Då vil det etter planen bli ei markering med inviterte gjestar.
Etter onsdagens gjennomslag står det att å få sprengt ut kring 1.800 av totalt kring 30.600 meter tunnelløp i prosjektet E39 Svegatjørn–Rådal.
-
Bilde 1 av 3: Vegdirektør Terje Moe Gustavsen hadde telefonkontakt med tunnelmannskapa. To av Statens vegvesen sine tunnel-kvinner var med på scena. Avdelingsingeniør Ingrid Anette Padøy (t.v.) og kontrollingeniør Marie Djupevåg Eri. (Foto Stig Ryland, Bergen Næringsråd) Foto: Stig Ryland, Bergen Næringsråd -
Bilde 2 av 3: Assisterande prosjektleiar Arne Eltvik i Statens vegvesen takkar tunnel-mannskapa for innsatsen fram mot gjennomslaget i søre delen av Lyshorntunnelen. (Foto: Arne Bell) Foto: Arne Bell -
Bilde 3 av 3: Slik såg røysa ut etter siste salven. (Foto: Arne Bell) Foto: Arne Bell