Artikkelen er fra 2017, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen må stenge fv. 161 Lyseklostervegen ved Endalausmarka for trafikk til helga, på grunn av anleggsarbeid.

Det pågår bygging av ny fylkesveg mellom aust og vest gjennom Endalausmarka. Dette er ein del av prosjektet E39 Svegatjørn–Rådal.

Anleggsveg

Frå fredag 16. juni kl. 19.00 til mandag 19. juni kl. 06.00 blir fv. 161 Lyseklostervegen stengt for all trafikk forbi anleggsområdet. Det skal arbeidast med påkopling av nyanlegget til eksisterande fylkesveg i helga, med graving også på fv. 161. Den nye fylkesvegen vil berre vere open for anleggstrafikk i byggeperioden for E39 Svegatjørn–Rådal.

Omkøyring for gjennomgangstrafikk mellom Os og Fana i helga er E39 via Søfteland. Lokaltrafikk kan også nytte fv. 163 om Søvik i Lysefjorden.

Aktuelt for fylke(r): Vestland