Ny veg i Rådal
Statens vegvesen har den siste tida bygt ein ny omkøyringsveg i Rådal i samband med utbygging av E39 Svegatjørn–Rådal.
Omkøyringsvegen på kring 450 meter skal nyttast eit drøyt års tid, som erstatning for fv. 546 Fanavegen på strekninga. I sørenden av omkøyringsvegen er det bygt rundkøyring.
Frå myr til E39-kryss
Det blir full masseutskifting av tjørn og myrterrenget, der det nye E39 Rådalskrysset etterkvart vil bli bygt.
Dessutan vil det bli anleggsarbeid fram mot Råtunnelen, som vil kome ut i dagen i løpet av hausten eller vinteren, alt etter fjellkvaliteten på siste etappen fram mot Rådal.
Omkøyringsvegen er bygt og asfaltert med to felt, gul midtstripe, rekkverk og veglys. Standarden er på høgd med dagens fylkesveg.
-
Bilde 1 av 5: Ny veg er klar til trafikantane gjennom anleggsområdet i Rådal. (Foto: Geir Brekke) Foto: Geir Brekke -
Bilde 2 av 5: I sørenden av omkøyringsvegen passerer trafikken ei rundkøyring. (Foto. Geir Brekke) Foto: Geir Brekke -
Bilde 3 av 5: Omkøyringsvegen mot nord. Fv. 546 Fanavegen på tvers i bakgrunnen blir stengt på strekninga og inngår i anleggsområdet for E39 Svegatjørn–Rådal. (Foto: Geir Brekke) Foto: Geir Brekke -
Bilde 4 av 5: Påkoplingsarbeid i båe ender av omkøyringsvegen står att før trafikken blir lagt om her. (Foto: Geir Brekke) Foto: Geir Brekke -
Bilde 5 av 5: Myrterrenget skal masseskiftast og blir byggeland for det nye E39 Rådalskrysset etterkvart. (Foto: Geir Brekke) Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke(r):
Vestland