Nye E39 sikrar vassforsyninga
– Leidningsnettet langs nye E39 blir svært viktig for vassforsyninga til Os, seier rådmann Christian Fredrik Fotland.
Det er no inngått avtale mellom Statens vegvesen og Os kommune om bygging og omlegging av VA-anlegg i samband med utbygging av nye E39 Svegatjørn–Rådal.
Ti km vassleining
Det blir bygd kring 10.000 meter ny vassleining langs E39, mellom Hamre i Fana og Svegatjørn i Os, gjennom både Skogafjellstunnelen og Lyshorntunnelen. Kloakk- og spillvassleidninga blir på kring 4.000 meter, mellom Svegatjørn og Endalausmarka.
Vassleindninga vil sikra Os kommune ei reserveforsyning som dei ikkje har i dag. Leidningsnettet blir samanhengande langs nye E39, mellom Svegatjørn i Os og Nordås i Bergen.
Slukkevatn i tunnelane
Dessutan blir det etablert anlegg for slukkevatn i Lyshorntunnelen og Skogafjellstunnelen, med 250 meter mellom uttaka, som utgangspunkt. Brannvassleidningane blir kosta av Statens vegvesen. Det same gjeld ein del av hovudvassleininga, basert på lengde og del av grøfteprofil.
Avtalen seier at Os kommune sin del av kostnaden blir 57,5 mill. kr. Eventuelle endringar i anlegget og løn/prisauke kjem i tillegg.
Statens vegvesen har sendt utkast til liknande avtale til handsaming i Bergen kommune.