Samling om E39 Svegatjørn–Rådal
Over 50 entreprenørar frå Noreg, Tyskland, Spania og Austerike var med på to samlingar for vegprosjektet E39 Svegatjørn – Rådal i Bergen og Os denne veka.
- Vi er svært nøgde med oppslutninga frå bransjen, seier prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen. Det er mange som har henta ut konkurransegrunnlaget sidan vi la dette ut før jul.
Største i landet?
Den største av dei to entreprisane er den såkalla K10-kontrakten, mellom Svegatjørn i Os og Fanavegen i Bergen. Dette blir kanhende største vegkontrakten i landet så langt, seier Ottesen. Han viser til at Statens vegvesen her har gitt rikeleg tid til å rekne fram tilbod, med leveringsfrist til 5.mai. Entreprise K11 gjeld det omfattande tunnelanlegget i området Rådal-Nordås-Fanavegen, med innlevering 21.april.
Miljø og trafikk
Storleiken og kompleksiteten i prosjektet gjer at byggherre og entreprenørane må få på plass tilstrekkeleg med mannskap og kompetanse. Statens vegvesen legg stor vekt på HMS-omsyna i prosjektet. Ikkje minst er det viktig å halde grensene for anleggsdrift mot eit sårbart miljø fleire plassar, både i Os og Bergen. Samstundes er det tett med naboar kring byggjeplassane, særleg i Bergen. Dessutan vil anlegsarbeidet påverka trafikken på eksisterande vegnett.
-
Bilde 1 av 7: Entreprenørane på synfaring nord for Svegatjørn og industriområdet i Os, der det skal fyllast ut og byggjast ny motorveg. (Foto: Geir Brekke) Foto: Geir Brekke -
Bilde 2 av 7: Synfaring langs rv. 580 Flyplassvegen i Bergen. (Foto: Geir Brekke) Foto: Geir Brekke -
Bilde 3 av 7: Synfaring i Hordnesskogen i Bergen, der det skal bli massedeponi for stein frå delar av Lyshorntunnelen. (Foto: Geir Brekke) Foto: Geir Brekke -
Bilde 4 av 7: «Synfarings-møte» ved Skeievatn i Bergen. (Foto: Geir Brekke) Foto: Geir Brekke -
Bilde 5 av 7: Entreprenørar blir orienterte langs Nordåsvegen i Bergen. (Foto: Geir Brekke) Foto: Geir Brekke -
Bilde 6 av 7: Prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen orienterer på tilbodskonferansen. (Foto: Geir Brekke) Foto: Geir Brekke -
Bilde 7 av 7: Tilsaman møtte over 50 entreprenører til konferansen i Bergen. (Foto: Geir Brekke) Foto: Geir Brekke