Artikkelen er fra 2015, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen skal gjennomføre støytiltak på kring 130 bustader i samband med utbygging av E39 Svegatjørn–Rådal.

Dei to første tilboda er no lyste ut, for tilsaman 58 av bustadene. Her ligg det føre avtale med huseigarane om tiltaka. Resten av bustadene kjem med i ein ny konkurranse litt seinare, når resten av avtalene er på plass.

Os og Bergen

Den første entreprisen omfattar tiltak på kring 25 bueiningar ved Svegane i Os kommune, samt Nordås og Sørås i Bergen. Det vil bli utskrifting av vindauge og dører, etterisolering av veggar, tak og etasjeskilje. Balansert ventilasjonsanlegg og lyddempande ventilar i ytterveggar skal på plass. I tillegg blir det utandørs bygt lokale støyskjermar.

Innleveringfristen for tilboda er 9. april. Arbeidet skal utførast frå slutten av april til midten av november 2015.

Ferdig til jul

Den andre entreprisen som er lyst ut så langt omfattar bustader i Rådal i Bergen, og gjeld kring 33 einingar. 27 av desse får tiltak i fasade, fem får balansert ventilasjon og 20 får utandørs støytiltak. Frist for levering av tilboda her er 23. april. Oppdraget vil etter planen pågå frå mai til desember 2015.

Rekkehus Råtun i Bergen - støytiltak på E39-prsosjektet
Det er aktuelt med t.d. fasadetiltak og utvendige støyskjermar på eigedomane som grensar nærast inn til den komande E39 Svegatjørn–Rådal. ( Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke(r): Vestland