Statens vegvesen ynskjer å endre plassering av kollektivløysing og tilrettelegging for tilhøyrande gangsamband i Veibustkrysset, i høve planen frå 2023.

E39 Veibustkrysset er bevilga statlege midlar til bygging frå hausten 2025. I samband med byggeplanlegginga har ein sett behov for å gjere nokre endringar i vedteken reguleringsplan. 

Det vart avhelde oppstartsmøte med Sula kommune den 20.01.25 der saksgang og planprosess vart avklara. Reguleringsendringa er utarbeidd etter forenkla prosess, vurdert etter vilkåra i pbl § 12-14, andre ledd. Hovudformål med reguleringsendringa er å endre plassering av kollektivløysing og tilrettelegge for tilhøyrande gangsamband. Busslommene vert flytta frå eit planlagt område ved Kongshaugstranda/småbåthamna til ei plassering ved E39 som i dag. Gjennomføring av tiltaket medfører også nokre andre endringar frå vedteken reguleringsplan.

Det var informasjonsmøte om tiltaket på Solevåg skule den 26.02.25. På møtet vart det mellom anna orientert om behovet for reguleringsendring, sjølve byggetiltaket og trafikale endringar i byggeperioden, samt informasjon om grunnerverv.

Dokument i saka til nedlasting:

Heimels- og rettigheitshavarar, sektormyndigheiter og andre høyringspartar er direkte tilskrivne.

Merknader til reguleringsendringa skal vere skriftlege, merkast sak 25/57169 og sendast innan 15.05.2025 per e-post til: firmapost@vegvesen.no, eller per brev til: Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer

Spørsmål kan rettast til Statens vegvesen v/Gisle Fossen, tlf. 975 11 892, 
e-post gisle.fossen@vegvesen.no eller Astrid Karoline Eide, tlf. 917 48 468,
e-post astrid.karoline.eide@vegvesen.no

Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal, Sula