Detaljreguleringa omfattar tilrettelegging for etablering av ferjekaibås nummer to på Vestnes ferjekai, som tiltak for å auke beredskapen og sikre kontinuitet på ferjesambandet E39 Vestnes–Molde ved ein eventuell driftsstans.

Landområdet skal oppgraderast tilpassa nye løysingar og funksjonar, inkludert nytt servicebygg med toalett og venterom.

Tilbodet for mjuke trafikantar skal gjerast meir trafikksikkert, mellom anna med etablering av gang- og sykkelveg og ein undergang som skal knytast mot den kommunale vegen Buktavegen.

Planarbeidet vil ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing i høve "Forskrift om konsekvensutredninger".

Tiltaka i reguleringsplanen vert planlagt slik at dei kan byggast trinnvis.

""
Landområdet ved dagens ferjekai. Foto: Statens vegvesen

Vei:
E39
Fase:
Planfase
Kommuner:
Vestnes
Fylker:
Møre og Romsdal
Finansiering:
Stat
Oppstart:
2025
Antatt åpnet:
2027

Vestnes ferjekai og landområde. © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontakter

Astrid Karoline Eide

Planleggingsleiar
Telefon:
91 74 84 68
E-post:

Anni Kari Pedersen

Prosjektleiar
Telefon:
90 52 43 55
E-post:

Sist oppdatert: