Det vil vere auka aktivitet i området når det i løpet av veke 15 og 16 skal utførast arkeologiske registeringar og grunnundersøkingar i planområdet.

Arkeologiske registreringar

Som eit ledd i planarbeidet har Møre og Romsdal fylkeskommune stilt krav til at det skal gjennomførast arkeologiske registreringar innanfor planområdet. Slike registreringar er lovpålagt, jamfør §9 i kulturminnelova. 

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som gjennomfører registreringane. Arbeidet vil gjennomførast i løpet av veke 15, med oppstart mandag 8. april. 

Registreringane er i utgangspunktet ei «prøvegraving» som kan bli utført som prøvetaking med spade, eller med gravemaskin på større flater. Flateavdekking med maskin vil i hovudsak bli utført på dyrka mark. Etter at flateavdekkinga er gjennomført og sjaktene er undersøkt, vil jorda blir lagt på plass igjen.

Skulle det bli gjort funn av automatisk freda kulturminne kan dette innebere at vi må utvide undersøkingsområdet, eller at det blir nødvendig med nye undersøkingar. Grunneigarar i område har vorte varsla og spurt om samtykke.

Grunnundersøkingar

Statens vegvesen gjer samstundes merksame på at det skal gjennomførast grunnundersøkingar i planområdet, truleg frå veke 16. Grunnboringane vil hovudsakleg bli gjennomført langs E39-traseen, samt i område der det er aktuelt å etablere undergang og areal som vil vere nødvendig for gjennomføring av prosjektet.

Grunnundersøkingane vil omfatte to eigedomar forutan areal tilhøyrande Statens vegvesen, og berørte grunneigarar er kontakta om dette direkte.  

Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal