Kommunedelplan E39 Volda-Furene til offentleg ettersyn
I medhald av plan- og bygningslova § 11-5, jf. § 11-14, og i samsvar med vedtak i Volda Formannskap i sak 18/12 den 6. februar 2012, vert kommunedelplan for E-39 Volda-Furene med tilgrensande arealformål på Rotset/Myrane og i Fureneområdet, lagt ut til offentleg ettersyn i tida 26. mai til 14. juli 2012.
Planforslaget består av Planomtale med føresegner, plankart og konsekvensutgreiing gjennomført i samsvar med reglane i plan og bygningslova § 4-2 og tilhøyrande forskrifter.
Etter vedtaket i sak 18/12 er det fremja eit alternativ for sentrumsområdet /Myrane - A4 og to alternative planløysingar for området i Furene, basert på vegløysing A4 og A5.
Alternativ A 4 er tilrådd av Statens Vegvesen. Planen inneheld ut over sjølve vegløysinga, framlegg til arealbruk for tilgrensande areal i Sentrumsområdet og i Furene, areal som i kommunedelplan Volda sentrum/Furene og Vikebygda godkjent 18. juni 2009 var bandlagt i påvente av ny kommunedelplan.
Planframlegget vert lagt ut til offentleg ettersyn:
- på Servicekontoret,
- på Volda kommune si heimeside www.volda.kommune.no,
- som vedlegg til denne siden
Merknader til planframlegget skal vere skriftlege og sendast innan 14. juli 2012 til:
- Volda kommune, Postmottak, Stormyra 2, 6100 Volda, eller
- ved e-post
Spørsmål til plan kan rettast til:
- Samordning og utviklingsstaben- planseksjonen telef. 70058717/91151347, eller
- Statens vegvesen Region midt, telefon 70175077 -