Oppstart av planarbeid for E39 Volda–Furene
Statens vegvesen skal i samarbeid med Volda kommune utarbeide ein detaljreguleringsplan for E39, strekninga Volda–Furene. Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova §12-8. Reguleringsplanen vert utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 3-7.
Planområdet på E39 strekkjer seg frå krysset til Stadionvegen i sør via Sjukehusvegen til rundkøyring i Furene i nord. Storparten av strekninga vert lagt i tunnel. I Volda har ein i tillegg teke inn tilstrekkjeleg sideareal til å sikre heilskaplege løysingar for lokalvegnett og gang- og sykkelvegar. I Furene er planavgrensinga tilsvarande som i vedteken kommunedelplan for E39 Volda–Furene.
Mål med planarbeidet er å skaffe formelt plangrunnlag for å etablere ny E39 med tunnel på strekninga. Tiltaket skal redusere reisetida på E39 mellom Volda og Furene og samstundes avlaste Volda sentrum for gjennomgangstrafikk.
Berørte partar er direkte tilskrivne. I samband med oppstart av planarbeidet, vert det eit ope møte på Volda samfunnshus tirsdag 10. mai 2016, kl. 1800.
Innspel
Vi ber om at innspel til planarbeidet eller andre relevante opplysingar til planprosessen vert send skriftleg innan 20. mai 2016 til:
- eller
- Statens vegvesen Region midt, postboks 2525, 6404 Molde
Planinformasjon
Informasjon om planarbeidet og aktuelle dokument i saka er tilgjengeleg:
- som vedlegg til denne siden, sjå under "Last ned" og
- på www.volda.kommune.no
Spørsmål
Eventuelle spørsmål til planarbeidet kan rettast til
- Statens vegvesen v/planprosjektleiar Astrid Eide Stavseng, tlf. 02030, e-post eller
- Volda kommune v/planleggar Per Heltne, tlf. 700 58 700, e-post