Planprogrammet for kommunedelplan E39 Volda-Furene er no fastsett
Planprogrammet for kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E39 mellom Volda sentrum og Furene er no fastsett. Dette legg fastset rammene for det vidare planarbeidet, mellom anna alternative trasèar og tema som skal utgreiast. Det er Statens vegvesen si oppgåve å følgje opp planprogrammet.
Dei viktigaste endringane i forhold til det planprogrammet som var på høyring våren 2010 er at alternativ 1 og 2 på Furene er erstatta med eit alternativ 3 om lag midt mellom desse då grunnforholda for tunnelpåhogg er vesentleg betre her. Det er også tatt inn eit nytt alternativ lenger vest som knyt seg på eksisterande rundkøyring, alternativ 4. Etter vedtak i Volda kommune i samband med fastsettinga av planprogrammet vart det tatt med eit alternativ 5 lenger vest. I Volda er alternativ C vurdert å ha så mange ulemper at det ikkje er aktuelt og er difor tatt ut. For alternativ A vert det i tillegg til ei løysing med alle vegar i same plan vurdert ei toplansløysing.