Artikkelen er fra 2017, og innholdet kan være utdatert.

Formannskapet i Volda kommune har i møte 02.10.2017 vedteke å legge reguleringsplan for E39 Volda–Furene, sak PS 152/17, ut til offentleg ettersyn.

Formålet med områdereguleringa er å skaffe formelt plangrunnlag til å etablere ny E39 i tunnel mellom Volda og Furene. Tiltaket utløyser behov for å gjere endringar på lokalvegnettet i Volda for alle trafikantgrupper og ein har i tillegg regulert areal for framtidig utvikling innan bustader og næring, samt offentleg og privat tenesteyting. I Furene er det teke omsyn til noverande landbruksareal og tilhøvet til hjortetrekket i området.

Planforslaget

Planforslaget er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 09.10.-24.11. 2017

  • som vedlegg til denne siden, sjå under "Last ned",
  • på Volda rådhus,
  • hos Statens vegvesen i Ålesund og
  • på heimesida til kommunen www.volda.kommune.no 

Berørte partar og offentlege faginstansar vert direkte tilskrivne.

Møte og open kontordag

I samband med høyringa vert det arrangert eit orienteringsmøte på Uppheim forsamlingshus 6. november kl. 18.00. Det vert open kontordag på Volda rådhus 7. november kl. 12.00-17.00.

Merknadar

Merknadar til reguleringsplanen skal vere skriftlege og sendt innan 24. november 2017 til:

  • per e-post til
  • eller per brev til: Statens vegvesen Region midt, postboks 2525, 6404 Molde.

Kontakt

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til:

  • planprosjektleiar Astrid Eide Stavseng, tlf. 22 07 30 00, e-post eller
  • planleggar Per Heltne i Volda kommune, tlf. 700 58 700,

Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova §12-10. Planen er utarbeidd etter §§12-2 og 3-7.

Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal