Varslar oppstart av planarbeid i Volda og Furene
Statens vegvesen vil i samarbeid med Volda kommune starte opp med endring av områderegulering for E39 Volda-Furene.
Det er ønskje om å gjere endringar både i Furene og i Volda. Statens vegvesen ber no om innspel til planarbeidet.
Kvifor vil Statens vegvesen gjere endringar i gjeldande reguleringsplan og kva for endringar er aktuelle å gjere?
- E39 Volda-Furene har vore gjennom to tidlegare planprosessar. Først kommunedelplanen for prosjektet som vart godkjent i 2014 og deretter reguleringsplanprosessen med godkjenning av reguleringsplanen i 2018. Planane har ulik teknisk løysing i Volda. Ny teknisk løysing tek sikte på å ligge tettare opp til løysinga skissert i kommunedelplanen.
- Statens vegvesen vil redusere kostnadane og unngå 8 % stigning i Vikebygdvegen mellom rundkøyringane.
- Ved å heve høgda på veg og tunnel (linjepålegget) kan tunnelen planleggjast med sjølvfall og det blir då ikkje lenger nødvendig å bygge ein pumpesump inne i fjelltunnelen. I tillegg til investeringskostnaden unngår ein årlege driftskostnader til utpumping av tunnelvatn.
- Redusere stigninga frå tunnelportalen og fram til rundkøyringa i Sjukehuskrysset på Volda-sida. I gjeldande reguleringsplan er denne strekninga planlagt med 5 % stigning.
- Anleggsgjennomføringa vil bli enklare med mindre omfattande byggegrop i Volda.
- Forenkle lokalvegsystemet i Volda.
- Fjerne «Stjernebrua» i Sjukehuskrysset og i staden planlegge prosjektet med undergangar.
- Heve høgda på vegen (linjepålegget) i Furene, slik at lengda på tunnelportalen kan reduserast.
Framdrift og frist for innspel
Dette er eit varsel om at planarbeidet no blir starta opp. Det vil også vere høve til å komme med innspel når planforslaget blir utlagt til offentleg ettersyn. Denne høyringa blir også varsla skriftleg til aktuelle partar og høyringsorgan.
Planoppstart blir varsla i løpet av veke 20 (16. – 20. mai), med høyringsfrist på minst fire veker. Ope informasjonsmøte blir arrangert måndag den 30. mai 2022 kl. 18-20 i Volda samfunnshus. Statens vegvesen har ei målsetting om offentleg ettersyn av planforslag vinteren 2023 med høyringsfrist på minst seks veker. Deretter godkjenning i kommunestyret seinast hausten 2023.
Statens vegvesen ber om å få sendt eventuelle innspel til varsel om oppstart skriftleg innan 13. juni 2022 til Statens vegvesen Utbygging, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer, eller pr. e-post til
Merk innspelet med sak 21/198618
Aktuelt regelverk
Det er vurdert av planarbeidet ikkje utløyser krav om utarbeiding av ny konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova (Pbl.) § 4-2 (2). Verknader av planforslaget skal likevel beskrivast i planomtalen, jf. Pbl. § 4-1 (1).
Dette oppstartsvarselet er sent ut i samsvar med plan- og bygningslova § 12-14. Planforslaget blir utarbeidd etter § 12-2.
Ta gjerne kontakt
Spørsmål om planarbeidet kan rettast til:
Rolf Arne Hamre
Prosjektleiar, Statens vegvesen
Tlf. 909 22 459
E-post:
Gisle Fossen
Planleggingsleiar, Statens vegvesen
Tlf. 975 11 892
E-post:
Heidi Istad
Planleggar, Volda kommune
Tlf. 469 15 455
E-post: