Utfordringar og mål
- Det er bandlagt store areal for ei framtidig veglinje mellom Volda og Furene. Mykje av dette er sentrumsnært areal som ein ynskjer å nytte til utbygging
- Vegen gjennom sentrum av Volda er ueigna som stamveg pga. smal veg, krappe kurver og sentrumsbebyggelse.
- Det er relativ tett trafikk i forhold til vegstandard. Dette medfører redusert framkommeligheit noko som er problematisk for kollektivtrafikken, og då særleg Timesekspressen.
- I sentrum medfører trafikken miljøulemper både for dei som bur langs vegen, og for dei som går og syklar.
Regionale og nasjonale målsetjingar ved prosjektet:
- Binde saman vegprosjekt som gir endra trafikkmønster: Rv. 653 Eiksundsambandet og E39 Kvivsvegen.
- Inngå i den langsiktige utbetringa av E39, nord-sør som bind saman byane langs kysten.
- Redusere reisetid.
- Betre forutsigbarheit, særleg for langdistansetransportar.
- Redusere talet på ulykker og ulykkeskostnadane totalt på trafikk mellom Volda og Furene.
Lokale målsetjingar ved prosjektet:
- Avklare arealbruken i sentrum.
- Avlaste dagens veg og då særleg minske tungtrafikk gjennom sentrum.
- Redusere miljøulemper for naboar til E39 og sentrumsområdet i Volda.