Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Seks kilometer ulykkesbelasta strekning i Namdalen er bytt ut med ein moderne og trafikksikker veg.

Den siste veka har Statens vegvesen og Letnes Entreprenør AS sett trafikk på E6 mellom Fjerdingen og Sæterhaugen nord i Trøndelag. Det utgjer halvparten av prosjektet E6 Fjerdingen-Grøndalselv.

– Her lykkast me og entreprenøren vår med mykje. Det er god framdrift og løysinga og linjevalet me kom fram til saman gir oss mykje veg for pengane, forklarer prosjektleder Harald Inge Johnsen.

Kart som viser ny trasé for E6 Fjerdingen-Grønndalselv. Vegen skal i hovedsak ligge øst for dagens E6. Fjerdingelvbrua som sto ferdig i oktober 2021 er markert med blå ring.
Kart som viser ny trasé for E6 Fjerdingen-Grønndalselv. Vegen skal i hovedsak ligge øst for dagens E6. Fjerdingelvbrua som sto ferdig i oktober 2021 er markert med blå ring.

Den om lag 12 kilometer lange parsellen er ein del av det nesten ti mil lange utbetringsprosjektet, E6 Grong til Nordland grense. Dei resterande fem kilometrane er planlagt opna før sommarferien i 2024 og det til ein hyggjeleg pris.

– Det kan sjølvsagt oppstå noko som kostar meir pengar før me er ferdig, men slik det ligg an no vil Letnes levera 10 kilometer veg til vel 200 millionar 2021-kroner. Det vil seia at me får ei mil med 90 sona til omkring 20.000 kroner per meter før moms, seier Johnsen.

Den nye E6-en er til rettelagd for 90 km/t. men førebels er vegen skilta med 80 km/t. Først når heile strekninga er ferdig i 2024 kan den bli godkjent for 90 km/t.

E6 Fjerdingen-Grøndalselv i kort form:

  • Lengd ca. 12 km.
  • Ein km opna i 2021, 6 km opna i november 2023. Siste del blir opna før sommarferien 2024.
  • Standard: Vegbreidd 9m med kurvatur og utforming for 90km/t.
  • Prosjektet er delt opp i 3 byggjekontraktar der K1, Fjerdingelvbrua, vart ferdigstilt i 2021
  • Kontrakt K2 med Letnes Entreprenør AS, omfattar 10 km ny E6. Inkluderer reguleringsplanlegging. Innkjøpsform: Konkurranseprega dialog.
  • Kontrakt K3, med Peab, omfattar ny bru over Grøndalselv og om lag ein km med ny E6.
Aktuelt for fylke(r): Trøndelag