Forslag til detaljregulering E134 Bøgrend-Særensgrend blir no lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i perioden 28. juni-30. august.

Forslaget til detaljreguleringsplan for E134 Bøgrend-Særensgrend i Vinje kommune blir lagt ut til offentleg høyring i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10, jf. §3-7.

Planforslaget omfattar ein strekning på ca. 3,0 km frå Bøgrend til Særensgrend.

Målet med planarbeidet er auka trafikktryggleik for alle trafikantgrupper, betre framkome for person – og tungbilar og reduksjon av klimagassutslepp.

Last ned

Frist for merknader og informasjonsmøte

Eventuelle merknader til planarbeidet sendast skriftleg til Statens vegvesen innan 30. august 2024 anten på brev eller e-post til:

  • Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer

Merk innspelet med saknr. 22/85714.

Det blir informasjonsmøte om planen på Vinjar tysdag 20. august kl. 18-20.

Spørsmål?

Har du spørsmål til planarbeidet, kan du kontakte Statens vegvesen ved planleggingsleiar Turid Hagelia Korshavn på mobil  930 96 282 eller på e-post:

Aktuelt for fylke(r): Telemark