Avventar handsaming av Bømlafjordkryssing
Samferdselsdepartementet har bestemt at KVU E39 kryssing av Bømlafjorden ikkje skal behandlast vidare i denne omgangen. Dette inneber at det ikkje skal gjennomførast ei ekstern kvalitetssikring (KS1) eller realitetshandsaming av konseptvalet for fjordkryssinga no.
Bakgrunnen for avgjerda er at prosjektet E39 Ådland–Svegatjørn (Hordfast) ikkje er prioritert i Nasjonal transportplan 2025–2036 (Meld. St. 14), og difor ikkje er planlagt bygt i denne perioden. Bygginga av Hordfast ligg som ein viktig føresetnad for KVU E39 kryssing av Bømlafjorden. Med ein forventa trafikkauke på strekninga, mellom anna som følgje av Hordfast, vil Bømlafjordtunnelen trenge betre rømmingsvegar og eit ekstra tunnelløp.
Reguleringsplanen for E39 Hordfast vil bli gjort ferdig, slik at den kan brukast som grunnlag for vurderingar ved eventuelle endringar i Statens vegvesen sin planportefølje.
KVU E39 kryssing av Bømlafjorden vart bestilt av Samferdselsdepartementet i brev til Statens vegvesen 5. juli 2021. Statens vegvesen sende over den ferdige KVU-rapporten til Samferdselsdepartementet 11. mars 2024. I rapporten tilrådde Statens vegvesen konsept K3, som gjer det mogeleg å utvikla dagens E39 til firefelts veg og m.a. inneber bygging av ein ny tunnel parallelt med dagens Bømlafjordtunnel. Konseptet er fleksibelt, og kan byggjast ut i etappar etter kvart som behovet gjer seg gjeldande. KVU-rapporten har òg vore på høyring i perioden 25. mars–28. juni 2024, og fleirtalet av innspela støttar tilrådinga.