Invitasjon til møte i referansegruppa
Vi inviterer til møte i referansegruppa for KVU E39 kryssing av Bømlafjorden 29. mars 2023 kl. 12.00 - 15.00 på Stord Hotell.
Statens vegvesen har satt i gong ei konseptvalutgreiing (KVU) for E39 kryssing av Bømlafjorden.
25. august i 2022 arrangerte vi verkstad for prosjektet. Her inviterte vi kommunar, fylkeskommunar, politikarar, næringslivet og bransjeorganisasjonar og elles alle som er interesserte i dette vegprosjektet og påverkinga det vil ha på området rundt.
I etterkant av verkstaden oppretta vi ei referansegruppe, som skal møtast jamleg for å få informasjon om prosjektet og der deltakarane kan gje sine innspel. 1. desember 2022 hadde vi første møte i referansegruppa.
No vil vi igjen samle referansegruppa for å presentere dei førebelse konsepta vi har utarbeidd og kva for grunngjevingar vi har for desse. Der vil vi òg leggje fram kva for retningslinjer vi har fått frå Samferdselsdepartementet, som gjer oss nokre rammer for arbeidet.
For å kome fram til eit riktig konsept for Bømlafjorden, må vi sjå på kostnader vi kan sette beløp på, som byggje- og arealkostnadar, men òg kostnader som vi ikkje kan prissette, som konsekvensar for natur, kultur og miljø.
Kva er ei referansegruppe?
For at resultatet av KVU-en skal bli best mogleg, ynskjer Statens vegvesen å involvere samfunnet – både dei som bur i området, dei som skal bruke vegen, næringsliv, politikarar og andre samfunnsaktørar. Representantar for lokalsamfunnet har mykje kunnskap om området, og ser gjerne saken frå ein annan ståstad enn oss. Difor arrangerer vi konseptverkstader og opprettar ein referansegrupper der vi kan informere brukarane (næringsliv, kommunar, offentlege etatar, naturvernorganisasjonar og andre aktørar) om arbeidet, og der dei som møter kan kome med sine innspel.
Vil du vere med i referansegruppa?
Vi vil gjerne ha med fleire interesserte i referansegruppa for KVU E39 kryssing av Bømlafjorden. Kan du tenkje deg å delta?
Meld deg på til Anne-Siv Liljedahl seinast innan måndag 20.mars: anne.siv.liljedahl@vegvesen.no.
Kontakt prosjektleiar Ole-Mathias Nes ved andre spørsmål til KVU-arbeidet:
e-post: , tlf: 97502146.