Stort engasjement på referansegruppemøtet på Stord 29. mars
Referansegruppa hadde sitt andre møte på Stord i slutten av mars. Prosjektleiar Ole-Mathias Nes viste fram sju ulike konsept som no skal analyserast.
I sin presentasjon, viste prosjektleiar Ole-Mathias Nes kor arbeidet står no, kva prosjektutløysande behov som ligg til grunn for bestillinga frå Samferdsledepartementet, og kva konsept prosjektet ser for seg kan vere gode løysingar.
Det er stadig eit spørsmål om brannsikkerheit og om tunnelen oppfyller krava i tunnelsikkerheitsforskrifta.
Behov for tiltak?
– Først og fremst må situasjonsbeskrivinga og problemanalysen gje svar på kva som er og kan bli utfordringar i transportsystemet og om det er behov for tiltak, sa Nes.
– E39 Bømlafjordtunnelen tilfredsstiller krava til brannsikkerheit slik han er i dag. Spørsmålet er om han blir godkjend dersom trafikken aukar betrakteleg.
Deltakarane i prosjektgruppa hadde ein rekke spørsmål til Ole-Mathias Nes og hans prosjektgruppa hans. Mange av desse spørsmåla og innlegga handla om lokalbefolkningas behov for god infrastruktur, og at ein ikkje legg til rette berre for gjennomgangstrafikken. Vidare kom det òg spørsmål om både korleis ein ny trasé kan gje betre energieffektivisering og det blei påpeikt at ei ny løysing må legge til rette for framtidige trafikkstyringssystem og autonome køyretøy.
Sju konseptalternativ
Prosjektgruppa er no i gang med å utgreie ulike konsept. I tillegg til eit 0-alternativ som baserer seg på å nytte dagens tunnel, har prosjektgruppa lansert sju ulike konsept. Både enkle og meir omfattande tunnelløysingar og ulike brualternativ ligg på bordet som alternativ til dagens Bømlafjordtunnel. Neste steg i prosessen er å gjennomføre transportanalysar og samfunnsøkonomiske analysar for dei ulike konsepta.
Utgreiinga skal vere ferdig hausten 2023.
Lokal interesse
Referansegruppemøtet samla 27 deltakare frå dei nærliggande kommunane, fylkeskommunen, Kystverket, Lastebileierforbundet og næringslivet i området, i tillegg til nokre frittståande representantar med særleg interesse for denne utgreiinga. Statens vegvesen stilte med prosjektleiar, utgreiingsleiar, vegplanleggar og kommunikasjonsrådgjevar.
Her finn du presentasjonen til prosjektleiar Ole-Mathias Nes.