Bakgrunn
Statens vegvesen har sidan 2010 hatt arbeidd med prosjektet «Ferjefri E39». I utgangspunktet var dette eit teknologiprosjekt for å sjå på om det er mogeleg å krysse dei store fjordane utan ferje, og eventuelt korleis det kan gjerast.
Det er gjort eit omfattande arbeid på dette området, og sidan Sognefjorden vart sett på som den mest utfordrande fjordkryssinga, er mykje av konseptarbeidet for fjordkryssingsprosjektet gjort nettopp på denne kryssinga. Arbeidet held framleis fram. I tillegg er det i gang arbeid med konkrete fjordkryssingsprosjekt på E39. Det finst omfattande dokumentasjon frå dette arbeidet.
I Meld. St. 26 (2012-2013) Nasjonal transportplan 2014-2023 er ferjefri E39 omtala i kapittel 4.2.2:
«Regjeringen har som ambisjon å binde Vestlandet sammen gjennom en opprustet og ferjefri E39, og legger derfor i denne transportplanen opp til oppstart av en rekke prosjekt langs E39, og til planlegging av andre. For flere prosjekt gjenstår det betydelig planlegging. Det er bl.a. ikke avklart om det er mulig å gjennomføre kryssing av Sognefjorden. Regjeringen legger i utgangspunktet til grunn at videre planlegging skal ta sikte på ferdigstilling av en ferjefri E39 i løpet av en tjueårsperiode. Regjeringen vil ved senere NTP komme tilbake til hvordan ambisjonen skal følges opp.»
Etter at Stortinget slutta seg til ambisjonen om ein ferjefri E39 i løpet av 20 år i samband med handsaminga av Nasjonal transportplan 2014–2023, har det vorte aktuelt å sjå meir konkret på enkelte delar av E39. Det er gjennomført KVU for størstedelen av E39 gjennom Region vest (alle andre fjordkryssingane), men det manglar for kryssing av Sognefjorden».
Denne KVUen vil, i samsvar med bestillinga frå Samferdsledepartementet, avgrense seg til å sjå på kryssing av Sognefjorden ved Oppedal–Lavik. Det betyr i praksis å sjå på ulike typar av kryssing med bru halde opp mot alternative ferjeløysingar. Det inkluderer ikkje i vesentleg grad vegstrekningar sør for Oppedal og nord for Lavik. Undersjøisk tunnel er heller ikkje aktuelt, sidan vi då måtte sjå på alternativ mykje lenger vest (Solund).