Konseptvalutgreiinga (KVU) skal kartlegge behov og avklare aktuelle konsept for transportsystemet mellom Skei og Ålesund.
I utgreiinga skal ein vurdere måloppnåing og gjere greie for transportmessige og samfunnsøkonomiske verknader av konsepta.
KVU-arbeidet skal:
Kartlegga behovet for transport på strekningen Skei-Ålesund
Avklara mål og krav til transportsystemet
Framstilla ulike konsept for transportsystemet
Vurdera måloppnåing for dei ulike konsepta
Berekna transportmessige og samfunnsøkonomiske verknader av dei ulike konsepta
Arbeidet skal leggast opp slik at vi på den eine sida har sikra god lokal forankring gjennom samhandling med lokale og regionale styresmakter og ulike interessentgrupper i planområdet. På den andre sida skal arbeidet ha god samordning til sentrale styresmakter.
KVU skal enda opp med ei tilråding på val av konsept og danna grunnlag for vidare planlegging etter plan- og bygningslova. Arbeidet med KVU-en skal vere ferdig innan utgangen av mars 2011.