Prosjektbeskrivelse
I fleire stamvegutgreiingar og Stortingsmeldingar om Nasjonal transportplan er det påvist store manglar på dagens E39. Dette går gjerne på framkomst, ferjestrekningar og trafikksikring. Før neste rullering av Nasjonal transportplan (perioden 2014-2023), skal det gjennomførast kvalitetssikring av alle foreslåtte prosjekt med investering større enn 500 mill kr.
Kvalitetssikringa bygger på at Statens vegvesen legg fram ei konseptvalutgreiing (KVU) for ei aktuell strekning, og denne vert så kvalitetssikra av ei konsulent-gruppe, oppnemnt av Samferdselsdepartementet/Finansdepartementet.
I Vegdirektoratets brev fra 23.10.2010 til Samferdselsdepartementet vert KVU/KS1 tilrådd med slik grunngjeving: ”Bygging av Kvivsvegen, med åpning i 2012, har åpnet for å vurdere alternative vegtraseer mellom Skei og Volda, herunder vurdering av kryssing av Nordfjord eller vegtrase via Stryn. Samtidig er det behov for å utrede mulighetene for kryssing av Storfjorden sør for Ålesund på en ryddig måte. Det kan derfor være naturlig med en felles konseptvalgutredning for hele strekningen Skei – Ålesund.”
I eit KVU-arbeid skal ein greia ut regionale verknader for næringsliv, folketallsutvikling m.m. av tiltak i transportsystemet. Statistisk sentralbyrå (SSB) og ulike forskingsmiljø har grunnlagsdata om dette.
Arbeidet skal leggast opp slik at vi på den eine sida har sikra god lokal forankring gjennom samhandling med lokale og regionale styresmakter og ulike interessentgrupper i planområdet. På den andre sida skal arbeidet ha god samordning til sentrale styresmakter. KVU skal enda opp med ei tilråding på val av konsept og danna grunnlag for vidare planlegging etter plan- og bygningslova.