Anbefaler midtrekkverk mellom Søgne og Ålgård
Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa mottok i dag den endelege rapporten for KVU E39 Søgne–Ålgård. Statens vegvesen anbefaler midtrekkverk på heile strekninga.
– Det er mange møteulukker og tungbilar på strekninga. I tillegg viser den samfunnsøkonomiske analysen at nytten forsvarar meir-kostnadene ved midtrekkverk, forklarar prosjektleiar Karl Sandsmark, om kvifor løysinga med midtrekkverk er anbefalt.
Sjølv om firefeltsveg ikkje nådde heilt til topps i anbefalinga til konsept for E39 mellom Søgne og Ålgård, skal vegen ha ein god forbikøyringsstandard.
– Det skal vere godt med forbikøyringsstrekningar i begge retningar. I tillegg blir det fire felt der årsdøgnstrafikken er så høg at det kvalifiserer for firefeltsveg, seier Sandsmark.
Rapporten er no formelt overlevert Samferdsledepartementet. Den skal ut på høyring og gjennom ekstern kvalitetssikring. Til sist er det regjeringa som vedtek endeleg konsept.