Delprosjekt
I stortingsvedtaket for Førdepakken er det prioritert 20 tiltak. I tillegg er det sett opp 5 bomstasjonar, og det er sett av 100 mill. 2012-kr. til uspesifiserte tiltak. Ut frå stortingsvedtaket er totalkostnad for utbyggingane gitt, om det blir kostnadsoverskridingar skal ein kutte tiltak frå botnen av prioriteringslista.
Innkrevjing av bompengar starta hausten 2016, og det vil pågå i ca. 12 år. Utbygging av tiltaka starta i 2017, og fleire prosjekt står alt ferdige. Arbeidet med Førdepakken vil truleg vare ut 2024.